Optimisme i Samlaget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har ein god tilvekst av nye, nynorskskrivande forfattarar. Samlaget gjev i år ut ti debutantar, sju av dei er skjønnlitterære, kunne den nye forlagssjefen Håkon Kolmannskog fortelja då han torsdag presenterte haustlista til Samlaget.

Dei siste tolv åra har til saman 65 forfattarar debutert på Samlaget.

– Mange av dei er leiande forfattarstemmer i Noreg, sa forlagsdirektør Edmund Austigard. Til Nynorsk pressekontor medgjev han likevel at lista over bøker i år er kortare enn tidlegare.

Nytt frå kjende stemmer
I år kan forlaget mellom anna skilta med ein ny roman av Jan Roar Leikvoll, som blir rekna som ein av dei mest talentfulle forfattarane her i landet.

– I romanen «Bovara» held han fram utforskinga av kva det vil seia å vera menneske i djupt umenneskeleg og klaustrofobiske situasjonar, sa Kolmannskog.

Også mange andre kjende Samlags-forfattarar kjem ut med nye bøker i år. Rønnaug Kleiva, som til saman har gjeve ut over tjue bøker, er i år aktuell med reiseromanen «Armenia, Albania, Argentina», medan Marit Kaldhol kjem med vaksenromanen «Darwins sporvar». Romanen blir karakterisert som ei intens skildring av forholdet mellom mor og dotter.

«Krigens skugge» er tittelen på den nye romanen til Ragnhild Kolden. Romanen handlar om korleis det er å vera tyskartøs.

Arnfinn Kolerud fekk mange til å humra då han for to år sidan kom med bok om «Vassbygda», den einaste staden i landet som framleis brukar nynorsk. I år kjem han med den andre boka i Vassbygda-trilogien.

Ingelin Røssland har gjort stor suksess som ungdombokforfattar. I år kjem ho med si første bok for vaksne. Boka er ein kjærleiksroman og har tittelen «Kirsebærsnø».

– På lista vår i år har vi òg mange sterke, unge lyrikarar, sa Kolmannskog. Her finn vi mellom anna debutantane Kaisa Aglen frå Volda og Siw-Anita Kirketeig frå Dale i Sunnfjord.

Debatt og humor
Olaug Nilssen har med boka «Kjøkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma», kasta seg inn i ein av dei mest polariserte debattane for tida. Det er ei bok full av ærlege historier om familieliv i dag, heiter det i omtalen.

– Du møter heimeverande, deltids- og fulltidsarbeidande og får eit uvanleg innblikk i korleis småbarnsforeldre i dag organiserer kvardagen, skriv forlaget om intervjuboka.

Boka til Astrid Sverresdotter Dypvik om DDR, blir også trekt fram som ei aktuell debattbok. Her møter vi menneske som på ulikt vis fekk kjenna diktaturet på kroppen.

I sakprosa-sjangeren byr Samlaget også på «Norsk etymologisk oppkok», som blir karakterisert som ei humoristisk bok med språklege aha-opplevingar. Boka er skriven av debutanten Kristin Fridtun.

Per Inge Torkelsen er på si side aktuell med boka «Humor er ingen spøk». Boka blir omtalt som ei positiv handbok i kunsten å gje ros.

Fem barnebokdebutantar
Den nye forlagssjefen var ikkje minst stolt over barne- og ungdomsforfattarane til Samlaget.

– Vi er glade for å leggja fram ei liste som viser at Samlaget satsar langsiktig på ny, norsk barnelitteratur, sa Kolmannskog.

Forlaget har i år fem nye barnebokforfattarar. Veterinæren, bloggaren og skribenten Anne Viken er aktuell med romanen"Elise og mysteriet om dei døde hestane». Boka er ifølgje Viken den første barneboka om veterinærpraksis i Noreg.

Siw Østrem-Peersen har skrive romanen «Ulvetone» som handlar om vedunderbarn, medan Kari Smeland har skrive boka «Familien Kråkestup og nyset i nabohuset». Dei to andre debutantane er Elin Grimstad og Ingunn Røyset. Dei debuterer med bøkene «Månen som ville lyse som ei sol» og «Prins Storm».

I tillegg kjem det nye barne- og ungdomsbøker frå kjende forfattarar som Erna Osland, Lars Mæhle, Asbjørn Rydland og Terje Torkildsen.

Optimist
Forlagsdirektør Edmund Austigard sa at det siste året har vore spesielt for Samlaget og kanskje det mest krevjande i forlaget si 144-årige historie. Årsaka er først og fremst utfordringar med den digitale framtida. Men han er optimist.

– Vi går gjennom eit tøft år no der vi snur opp ned på det meste. Vi har eit dårleg resultat fjor i ryggen, og det kjem ikkje nødvendigvis til å bli så mykje betre i år for det er opprydding som står på agendaen. Men til neste år har vi god tru på at ting skal byrja å peika i rett retning igjen også økonomisk, seier Edmund Austigard. (©NPK)