Ikkje cowboyar

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På jakt kan det oppstå artige situasjonar, der pulsen er høg og du veit at du lever,  fortel Per Jørgen Høye frå Trysil og Ånond Vesaas frå Vinje. Dei jaktar mest heile året, og set pris på spenninga, kaffipausane og det å vera i naturen.

– Vi er kanskje noko arveleg belasta og har vore med på jakt så lenge vi kan hugse. Dei fyrste rypene skaut vi i 16-års alderen.

Bever og villrein
– Sesongen startar med rådyrjakt, så er det jakt på villrein på Hardangervidda, frå 1. september er det hjortejakt her i Vinje eller i Scotland, så er det elgjakt i Østerdalen, det er ein lang periode med harejakt, i februar byrjar gaupejakta og om våren er det beverjakt, rypejakt vert det ikkje tid til no om dagen, forklarar Ånond.

I tillegg har han jakta fjellgeiter på New Zealand og villsvin i Polen, han har og vore innom bjørnejakt i Østerdalen. Om sumaren undervisar han folk som vil ta skyttarprøva.

– Det vert nok over 100 jaktdøgn i året og det går fordi eg jobbar turnus, held han fram.

Kameraten Per Jørgen, som held seg til 30 døgn med jakt i året, møtte han på jaktlinja på Hardanger Folkehøgskule. 

Mytane
Berre grøne klede, skyting som det viktigaste og eit mannsdominert miljø – tenkjer du kanskje. For det er mytar knytt å vera på jakt.

– Det viktigaste er at kleda er lydlause, vadmjøl er til dømes heilt perfekt, forklarar Ånond. Då dyra i liten grad ser fargar, er det at ein må bruke grøne klede på jakt berre ei myte. 

– Ein går ikkje berre ut på jordet å skyt. Dei beste jaktopplevingane kjem når ein må jobbe litt før ein lukkast, fortel kameratane og avlivar myten om skytinga.

Men å gå på jakt er framleis ein mannsdominert aktivitet, samstundes som Ånond opplever at stadig fleire jenter vert med skyttarkursa. Å gå på jakt er heller ikkje noko utprega sjekketriks:

– Å vera jeger er ikkje noko spesielt sjekketriks, eg bruker det i alle fall ikkje, held Ånond fram.

Kompisane
– Kaffidrikking er obligatorisk, og pausane skal vera gode og gjerne på eit par timar, seier Per Jørgen. Og legg til at det sosiale aspektet, der ein har mange timar med ein god kompisgjeng, som noko av det viktigaste med jakta.

– Eg likar gaupejakt ekstra godt, der må ein vera ekstra varsam og stille. Det er vanskeleg og det er sjeldan ein lukkast, forklarar Ånond. Ein annan favoritt er villreinsjakt, med vakre fargar i fjellet. Han har skote gaupe, men framleis ikkje felt nokon bjørn.

– Klart det hadde vore moro å skyte ein norsk bjørn lovleg. Det kan vera ei større utfordring å skyte ein bjørn på 1000 kilo i Østerdalen, enn ein på 3000 kilo i Canada. Men så kan det vera ein risikofylt aktivitet å legge ut på bjørnejakt, held han fram.

Ikkje cowboy
Men skal til for å lukkast på jakt, må ein vera ekstra sprek eller stille?

– Mange kan gå på jakt, men ikkje alle er jegerar. Det viktigaste er å vera tålmodig, og så må ein bruke mykje tid i skogen om ein vil verte ein god jeger, forklarar Per Jørgen. 

Jakt kan og vera eit sensitivt tema, spesielt når det kjem til felling av rovdyr.

– For oss er det viktig å ikkje framstå som cowboyar, men å vera gode ambassadørar for det vi driv med, forklarar Per Jørgen og Ånond. Dei understrekar kor viktig det er å møte diskusjonane og vera varsame med kva bilete dei legg ut på facebook.

Tryggleik
– Ein feil med eit våpen kan få enorme konsekvensar, ikkje alle kan handtere eit våpen og nok kunnskap er veldig viktig. Med erfaring får ein det inn i fingrane og ein klarer å tenkje jakt heile tida, forklarar karane. For tryggleik er noko av det viktigaste og dei har enno ikkje opplevd ulykke i jaktsamanheng.

– Når det er femte dag ute i pøsregn eller når vi sit på post ute i 18 minusgrader, hender det vi lurer på kvifor vi driv med dette. Men når er ein god kompisgjeng ute og kaffien putrar over bålet, er det berre trivelig, avsluttar Ånond Vesaas og Per Jørgen Høye.