Hjortefarmen i Lærdal opna i år for turistbesøk. No ønskjer dei to brørne å satsa på slakteri og vidareforedling på garden.

Camilla Skjær Brugrand/Sogn Avis
Camilla Skjær Brugrand/Sogn Avis

– Det er dette me ynskjer å drive med, og så lenge det går bra og me greier det så skal dette gå bra, seier Ole Bjørn Grøthe som saman med broren, Inge Mo, driv Lund Hjort.

Surrealistisk
Det er to månader sidan brørne Ole Bjørn og Inge Mo opna opp farmen for turisme. På den tida har om lag 100 personar vore innom for å helsa på hjorten.

– Det er litt spesielt å møta ville dyr på ein så kort avstand og at ein i tillegg for klappa og mata dei. Tilbakemeldingane eg har fått er at folk synest det er artig og spennande, kanskje til og med litt surrealistisk, seier Grøthe. Brørne starta hjortefarmen i 2009, men fundert på konseptet i to år før dei slo til.

Berekraftig prosjekt
Brørne samarbeidar med berekraftig reiseliv i Lærdal for å utnytta ressursane i bygda på mest mogleg vis.

– Me såg at hjortefarmen hadde eit stort potensial. Målet er å styrkja attraksjonskrafta til Lærdal og Sogn. I tillegg er utviklinga av lokal mat viktig i berekraftarbeidet og til glede for både lokalbefolkninga og tilreisande, seier leiar for berekraftig reiseliv, Helene Maristuen.

Neste steg for Lund Hjort er å satsa på slakteri på garden der dei kan drive med vidareforedling.

– Me ynskjer å produsera ulike produk som til dømes hjortepølse. Når turistane vitjar farmen kan dei få med seg ein smaksprøve og kjøpa med seg ulike produkt. Då blir det ei totaloppleving og det er det som er visjonen vår, avsluttar dei to brørne.

Spesielt møte
Lars Jørgen Natvik har tatt med dei to borna sine, Hanna (7) og Eirik (5), for eit nærare møte med det vanlegvis ville dyret hjorten. Inne på marka for dei mate og klappe på dyra.

– Det var gøy å mata hjortane, det er ikkje noko ein får gjort kvar dag. Eg har berre sett hjort ein gong før og det var villhjort. Når eg kjem heim skal eg fortelja alle venene mine om dette. Aller helst har eg lyst til å ta med meg ein av dei heim igjen, seier Hanna.

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

Kommentarar

ANNONSE