Debutant får kulturpris og 300.000
Sunniva Relling Berg (24) har fått Stiftelsen Kjell Holm sin kulturpris.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Debutant får 300.000
Sunniva Relling Berg avgjorde allereie på ungdomsskulen at ho skulle bli forfattar.
Sist haust debuterte ho med ungdomsromanen «Utfor» på Samlaget. Debutromanen blei nominert til Brageprisen, og no har altså forfattaren fått kulturprisen til Stiftelsen Kjell Holm .
– Eg er utruleg takksam overfor stiftinga som har gjeve meg sjansen til å «kjøpe» skrivetid eg elles ikkje hadde hatt samvit til å bruke, seier Relling Berg til Sunnmørsposten.
24-åringen frå Ålesund fekk tildelt pris og prispengane på 300.000 kroner under Kjell Holms dag på Sunnmøre Museum måndag. Til vanleg bur ho no i Bergen.
Formålet med Stiftelsen Kjell Holm er, ifølgje nettsidene, å: «Støtte og utvikle kulturelle og samfunnsgagnlege tiltak, i første rekke slike som er knytt til stiftaren sin fødeby Ålesund og/eller til den freda gamle garden Sandbu i Våga».
Mette Karlsvik skreiv i bokmeldinga si om Utfor:
”Plottet er tett. Kriminelt smart. Kalkulerande, tilsynelatande. Demrande djupt.”
Sunniva Relling Berg vaks opp med bokmål som hovudmål. Til NRK Møre og Romsdal fortalde ho dette om kvifor ho skreiv boka på nynorsk:
– Eg oppdaga at eg hadde litt gamaldags bokmål i mi eiga skriving. Eg gjekk over til nynorsk og blei utfordra til å skrive meir munnleg. Det blei meir moderne, og dette har vore bra for skrivinga mi.