Mange blir avhengige om sommaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir avhengig om sommaren

Skuleungdommar som stenger seg inne på rommet heile sommaren for å spele dataspel, uroar foreldre. Den svenske støtteforeininga for dataspelavhengige, Game Over, har merka auka pågang i sommarmånadene, skriv Forskning.no.

Det er særleg foreldre med barn mellom 14 og 17 år som tek kontakt, ifølgje det svenske nyheitsbyrået TT. Dei har også snakka med andre støttegrupper som meiner det er store mørketal for kor mange ungdommar det er som er dataavhengige.

Game Over rår foreldre og barn til å møtast på halvvegen når det gjeld grenser for dataspelinga. Det er ikkje talet på timar som er avgjerande, men at spelinga ikkje går ut over vener, skule og mat- og hygienevanar. (©NPK)

LES OGSÅ: – Spel kan kutta skulen med to år

Kva tid meiner du ein er avhengig av å spela data?