Lordane var dei fyrste

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lordemarsjen vart sjølvsagt arrangert også i år. 

Laurdag gjekk 176 sprekingar i alle aldrar gjekk den 22 km lange turen frå Raggsteindalen til Haugastøl. På turen var det ein lang stopp ved Lordehytta der ein kunne nyte utsikta som Lord Garvagh vart så forelska i for snart 140 år sidan.  Ein liten gruppe var samla på Geilojordet fredag kveld for å høyre historia om far og son Garvagh frå Irland. Meir ekte norgesvener skal ein nok leite lenge etter, og den fasinerande historia om dei to blir snart bok.

Syndarens rike
Knut Medhus starta med å filosofere litt over vårt forhold til fjella, samanlikna med korleis det var for berre 200 år sidan, før nasjonalromantikken gjorde sitt inntog.  – Før dette trudde ein jorda var flat, og fjella som stakk opp frå den flate plata var sjølvsagt ein styggedom. Ein kalla det syndarens rike og ein unngjekk så langt det lot seg gjere å gå i fjella.  Det var med andre ord ikkje nordmenn som oppdaga fjella våre, men dei rike lordane frå den mektige overklassa England som kom for å klatre, fiske og jakte. Nokon var til og med langt forut for si tid, og kom for rein rekreasjon.

Garvagh
Lorden, og vesle Lorden som dei vert kalla var frå byen Garvagh i Irland.  Det var Lorden sjølv som fann vegen til Norge og fjellheimen. Han var mykje både i Rondane og i fjella mellom Aurland og Hol.  – Gamle Lorden var ein habil jeger, og fekk bygd seg nokre steinhytter langs eit reinstrekk i Holsfjellet, fortel Knut Medhus. Berre 14 år gammal fekk vesle Lorden vere med faren til Norge, og vart fort like gripen av dei norske fjella som far sin. Etter at han mista far sin så alt for tidleg nokre år seinare hadde han framleis bevart kjenslene for fjellet og kom tilbake som vågal tjueåring.

Venn for livet
Vesle Lorden var i byrjinga ung og uerfaren med fjell. Han fekk føre seg at han skulle gå frå Aurland til Christiania. Han la ut på den strabasiøse ferda trass i åtvaringar frå kjentfolk. Ein av farens venner, Lars Lein, kom han i møte og redda nok livet hans mang ein gong. Lars skulle bli ein fast ven og tilsett for vesle Lorden i tida hans i Norge.  – Ei av historiene frå denne turen var at dei endeleg fann fram til den hytta dei hadde sett for seg, så var døra frosen igjen. Det var ufyseleg ver. Lars måtte fire Lorden igjennom pipa for at han skulle få opna døra. Vel inne kosa dei seg med hermetikk og ein kasse champagne som far hans hadde fått boren opp på sommaren. Men vesle Lorden ynskte seg noko ferskt attåt. Og ein sa ikkje nei til ein Lord på den tida, så Lars gjekk på ski til Gauteslein der han budde og kom attende med mjølk og fersk aure, fortel Knut Medhus.

Lordehytta kjem til
Lorden og Lars var ein dag på jakt og gjekk opp i Folarskaret.  Då er det Lorden seier at her vil eg ha ei hytte. Han kjøper tomt og Lars får med seg 2 andre sudndøler og bygger hytta i 1880. 650 kr vart prisen for hytta. Hytta i Folarskaret vart yndlingshytta til Lorden heretter, og her budde han så ofte han kunne.  Lordehytta besto av 3 rom; kjøkken, matstove og soverom. Til og med eit fyldig bibliotek fekk Lorden plass til i den 27 kvadratmeter store hytta.  Forsyningane han trong når han var på hytta kom både til Sudndalen og ikkje minst til Nygard, der det er lettaste vegen inn til Foldarskaret. I tillegg til flott hermetikk var det ofte tønner eller kasser med portvin, og ofte ei kasse eller to med fin champagne. – Det var nokon heftige handlelister Lars måtte hanskast med, fortel Knut Medhus.

Slutten
Den siste sommaren han var i Sudndalen var i 1893.  Då var han uroleg, og naut ikkje fjellet slik han pleidde. Han døydde i 1915, 63 år gammal. Men Lordehytta står framleis og det er ikkje vanskeleg å forstå kva det var som fasinerte Lorden her for over 130 år sidan. – Ein kan vel si at lordane på mange måtar var det ein i dag vil kalle opplevingsturist, oppteken av naturen og dei opplevingar dei kan gi folk, dei søkte roa og høgfjellet og langs lakseelvane, langt borte frå det dagleg maset i storbyen London. Dei såg kvaliteten i det me har her lenge før oss sjølv, avsluttar Medhus.

Les saka i Hallingdølen