Her får ikkje kvinner studere

Kvinner i Iran blir undertrykt, diskriminert og nekta inngang til studier og gode universitet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinner i Iran som ønskjer å ta høgare utdanning får det stadig vanskelegare, melder University World News. Kvinner nektast stadig oftare tilgjenge til prestisjetunge universitet og studier.

Styresmaktene sine freistnader på å skilje kvinnelege og mannlege studentar har no ført til at 77 fag ved 36 iranske universitet har vorte stengt for kvinner.

Nektast oljestudier
Sjølv om seks av ti nye studentar i Iran er kvinner, vil studiemoglegheitene deira bli svært små. Kvinnelege studentar risikerer no å bli utestengd frå studia og universiteta dei ønskjer seg, uavhengig av karakternivå.

Mange av Irans universitet nektar kvinner inngang på studier relatert til petroleumsforsking, og det blir vanskelegare å få inngang til studier innan vitskap og teknologi.

Kvinner blir heller skubba inn i studier innan informasjon, teologi eller iransk litteratur, for å unngå for mykje «vestleg innflyting».

Universitetet i Tehran, hovudstaden i landet, er det eldste i Irans og det mest prestisjetunge universitetet. Der er kvinner utestengd fra alle studieavdelingar innan ingeniørkunst, naturressursar og matematikk, og berre menn slepp inn.

Skiljer etter skjønn
Meir enn 600 fag ved 60 iranske universitet skiljer menn og kvinner som studerer same fag. Fleire av Irans største universitet stengjer dørene for kvinner som vil studere. Sjølv nokon av universiteta der kvinner og menn får studere saman, vert no skulda av iranske studentmedier for å aktivt diskriminere kvinnelige studentar. Diskrimineringa blir brukt som eit middel for å minske talet på kvinner i studier som er tillate for begge kjønn.

Les saka i Universitas