– Eg vonar kua er både livlig og underhaldande, seier skodespelar Elsa Lystad om namnesystera si som går og beitar på Bordalen.

Frode Rene, Avisa Hordaland
Frode Rene, Avisa Hordaland

– Det er smigrande å vita at namnesystera mi går rundt på eit jordet på Voss og beiter. Det er jo kjekt. Likevel hadde eg nok satt meir pris på namnet om det var for 25 år sidan enn i dag, seier ein lattermild skodespelar Elsa Lystad på telefonen frå Oslo.

Ho er oppteken av at kua ser bra ut og at ho mjølkar.

LES OGSÅ: 19 år og gardbrukar

Mange spørsmål
– Har ho raudt hår?

– Mjølkar ho?

– Er det ei typisk Elsa Lystad-ku? spør ho.

Spørsmåla er mange, men om kua som ber namnet hennar er eit gamalt slaktetyr som skal til slakteriet i nær framtid vil ho ikkje vera like glad for namnebruken.

Skodespelar Lystad er halvt nordfjording og er godt van med kyr heilt frå ho var liten.

– Eg gjette kyr i Nordfjord då eg var lita, seier ho på kav Nordfjord-dialet.

– Kva tenkjer du om at både Wenche Foss og du har fått kvar dykkar ku kalla opp etter dykk?

– Wenche er i himmelen, sjøv veit eg ikkje om det er så veldig kjekt. Men dersom det er to kyr som folk vert spesielt glade i, er det jo koseleg. Eg rekna med det er flotte kyr, seier ho og ler att.

LES OGSÅ: Kua fjerna frå rådhuset

Mjølkeallergi
Lystad skulle ynskja at ho kunne teke seg ein tur til Voss for å verta betre kjend med si nye namnesyster, men tida hennar strekk ikkje til, fortel ho.

– Eg har det så travelt at det ikkje er mogeleg å få til, men eg vil setja stor pris på om de vil senda meg eit bilete av namnesystera mi, seier ho.

Lystad kunne tenkt seg eit flaska mjølk frå kua som er oppattkalla etter seg, men lyt raskt slå det i frå seg.

– Eg har mjølkeallergi, så det er kanskje ikkje så lurt likevel, seier Elsa Lystad etter å ha tenkt seg litt om.

LES OGSÅ: No kan du endeleg kjøpa mjølk

Diva-kyr
– Dette er av dei flottaste kyrne som fins, seier gründer av Voss husdyrpark på Bordalen, Geir Inge Kvitne. Han menier Lystad bør kjenna seg stolt over å verta kalla opp etter ei ku av denne rasen.

– Det må då vera eit kjempekompliment, seier han og smiler.

Sjølv om det ikkje var han som kom på namna Wenche Foss og Elsa Lystad, tykkjer han at namna er passande på kyrne som han kalla diva-kyr.

Det er rasen «vestlandske fjordfe» som har fått plass i husdyrparken på Bordalen. Rasen er spesiell og det fins, ifylgje Geir Inge Kvite, att berre 400 mor-dyr av denna arten.

LES OGSÅ: Lagar mote-klede av mjølk

Både Elsa Lystad og Wenche Foss sitt skinn har eit spesielt mønster. Om ein ser nærare etter, kan det sjå ut som skinnet deira er dekka med ljose snøfnugg over store deler av kroppen.

– Rasen er utryddingstruga og er på raudlista. Denne typen kyr vart mest brukt på 1800-talet. I nyare tid har bøndene bytta ut vestlandske fjordfe med Norsk raudt fe. Dei produsera mykje meir mjølk. Du kan seia at kyr som Wenche Foss og Elsa Lystad produserte ikkje nok mjølk etter det kravet bøndene hadde. Difor ville ikkje bøndene lenger ha slike kyr på gardane sine, forklarar Kvitne og legg til at mjølka frå vestkandske fjordfe var meir næringsrik enn mjølka som fins i butikkhyllene i dag.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

ANNONSE