Bestod styrkeprøven

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verdas tøffaste

Flatlandsmo meinar det gjekk over all forventning.

– Eg vart skikkelig glad då eg fekk vita eg låg på 150. plass då det var omtrent 10,7 kilometer igjen til mål, seier Flatlandsmo, som til slutt enda som nummer 123.

Norseman Xtreme Triatlon byrjar med å hiva seg i Hardangerfjorden klokka 05.00 om morgonen, så symje inn til Eidfjord. Ein distanse på 3,8 kilometer. Deretter ventar 180 kilometer med sykling, før det er maratonspringing opp til Gaustadtoppen.

Der ventar heider og æra til dei 160 fyrste i form av ei t-skjorte.

LES OGSÅ: Spring ut fem par joggesko i året

For Flatlandsmo var det syklinga som var det verste.

– Eg synest det var brutalt. Eg sleit litt med magen i byrjinga, då eg svelgte ein del sjøvatn under symjeturen.

I år var det nesten vindstille på Hardangervidda og speglblankt på fjorden då deltakarane byrja.

480 deltok, fordelt på to dagar. Berre dei 160 første kvar av dagane får kome heilt til toppen og ta på seg den ettertrakta svarte t-trøya. Resten vert stoppa av tidsmessige og sikkerheitsmessige grunnar.

Flatlandsmo hadde med seg broren Josef på ein del av siste etappe.

– Det var skikkelig bra at han var med meg. Me sprang og gjekk fort, sjølv om det var brutalt å springa på asfalt. Det var godt å koma over i terrenget.

Med seg må kvar deltakar ha eit hjelpeteam, der familien til Eivind stillte opp.

– Dei var kjempeflinke og støtta meg med mat og drikke. Far min var leiar, men me bytte då me skulle springa for bror min, Josef. Han er i betre form enn far min, ler Eivind.

Akkurat no fristar det ikkje med gjentaking, men han ser ikkje vekk frå at han stiller opp ein annan gong.

– Kanskje om nokre år, akkurat no fristar det ikkje noko særleg. Heile kroppen har det ilt.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!

Les også sak i Vest-Telemark Blad!