Fleire sommarbarn skaper hovudbry ved fødeavdelingane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommarbarn skaper hovudbry

 Tidlegare var fødselstoppen i Noreg i vårmånadene mars, april og mai. No er toppen midt i solsteiken og ferierushet.

– Det er ei utfordring som vi har hatt på dagsorden ei stund no. Vi ser tendensen fleire stader, både på dei store og på mindre sjukehus. For oss betyr det at det er mest trøkk på den tida det er dårlegast bemanning ved sjukehusa, seier Marit Heiberg, leiar for Den norske jordmorforening.

Tidlegare var fødselstoppen i vårmånadene – rundt ni månader etter sommarferien. No har toppen flytta seg til sommaren.

– Dette er eit nytt fenomen, men tendensen har vore tydeleg dei siste åra. Det vi ser er at regelen med barnehageopptak ikkje slår så heldig ut, og det enklaste er kanskje å gjere noko med dette politisk, seier Heiberg.

Julirekord
I fjor var august den månaden det blei født flest barn i Noreg – tett følgd av juli og juni. Ved alle dei største sjukehusa i landet ligg juli månad i år godt over gjennomsnittet for talet på fødslar. Flest kom til ved Oslo universitetssjukehus, der 909 barn blei født. Aldri før har det blitt født så mange barn i ein månad ved sjukehuset.

– Juli stikk seg ut, og det er krevjande for oss. Vi bruker mykje tid på våren for å planleggje sommaren slik at vi klarer å gjennomføre den på ein god måte, seier Kristi Hjelle, assisterande avdelingsleiar ved fødeavdelinga på Ullevål.

– Dette er noko vi har sett dei siste fem åra, så det er ganske nytt for oss, seier ho.

– Ei utfordring
Også i Trondheim merkar ein sommartoppen. Her kom 369 jenter og gutar til verda i juli – 44 fleire enn gjennomsnittet for 2012.

– Det blir ei utfordring i forhold til å ha nok folk på jobb. Dei som jobbar deltid, må jobbe meir, og vi må sørgje for å ha nok tilgang på tilkallingsvikarar, seier Anne Lise Beversmark, seksjonsleiar for fødeavdelinga ved St. Olavs sjukehus.

I kva grad kvinner planlegger når dei skal føde, er ho usikker på. Men utviklinga er uansett tydeleg:

– Vi ser tendensen spesielt frå 2008, og spesielt i juli. Ein kan ikkje fastslå noko årsak utan at det er gjort undersøkingar, men det hadde kanskje blitt eit anna mønster med ein annen opptaksdato til barnehagen, seier ho. (©NPK)