Snøblinde kjærleiksdikt på breen
Til helga vert Tvisyn-dagane arrangert i Fjærland. Men først skal forfattarane på Jostedalsbreen for å henta inspirasjon.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Snøblinde kjærleiksdikt
– Me ynskjer å bruka breen som utgangspunkt for å plassera verka våre i ein litterær tradisjon. På denne måten legg me godt til rette for inspirasjonen, forklarar forfattar Cornelius Jakhelln som saman med Birgit Hatlehol fekk ideen om arrangementet.
Spreke forfattarar
Tvisyn-dagane startar med ei tredagars ferd over Jostedalsbreen der forfattarane Mette Karlsvik, Endre Ruset, Øystein Vidnes og Cornelius Jakhelln skal samla inspirasjon til tekstar. I samarbeid med fotograf Simone Stibbe, skal dei fredag presentera resultatet på Fjærland Fjordstove.
– Resultatet blir presentert på ein blogg, samt ei opplesing for publikum i Fjordstova fredag, seier Hatlehol.
LES OGSÅ: Vi må snakke om sinne
Ulike idear
For dei fire forfattarane har ideane kome strøymande heilt sidan dei starta bilturen frå Oslo tidlegare same dag.
– Eg ynskjer å skriva om sosialdemokratiet i Noreg. Om i kor stor grad sikkerheitsnettet me går og føler på er reelt eller ikkje. I?ei taurekkje på breen, med solkrem og solbriller skal me nok få testa kor tøffe me eigentleg er, seier Mette Karlsvik
– Eg har alltid drøymt om å gå på breen, og kjem til å skriva snøblinde kjærleiksdikt, forklarer Endre Ruset
LES OGSÅ: – Nye nynorskpoetar har noko å seie
Blir tidsskrift
Målet er å kunna nytta tekstane i eit lyrisk tidsskrift.
– Til våren ønskjer me å gje ut eit tidsskrift kalla Tvisyn. Deretter vil me gjera det til ein årleg tradisjon å gå i fjellet, og produsera tekst og bilete. Målet med arrangementet er å laga god litteratur, fine bilete og ikkje minst opplevinga. Fjella her er så flotte, at det å vera i Sogn og Fjordane ei veke er løn i seg sjølv.