Andreopplaget er på veg til å bli utselt.
 

mm

Just Kids, som kom på nynorsk i mars i år, har allereie selt ut førsteopplaget på 3000, og av det nye opplaget skal om lag 2000 allereie ha funne eigarane sine, fortel konstituert forlagssjef Anne Liv Tresselt til ABC Nyheter.

Brit Bildøen si omsetjing av Patti Smith si historie om seg sjølv og kjærestefotograf Robert Mapplethorpe har overraska sjølv Samlaget. Tresselt vedgår at dei tenkte at det var eit kommersielt vågestykke å gje ut denne på nynorsk når boka vart gjeve ut på engelsk for to år sidan.

– Men boka var så bra at me bestemte oss for å prøva, og det er me veldig glade for no. For 5000 er mykje for ein slik bok, og salstalet overraskar også oss, seier Tresselt nøgd til ABC Nyheter.

Vaffelhjarte av Maria Parr var den einaste av bøkene til forlaget som i 2011 selde meir enn 5000, ifølgje forlaget.

Lange køar
Patti Smith hadde konsert i Oslo denne veka, og signerte også bøker til store køar av folk på to store bokhandlarar i Oslo.

Patti Smith er kalla gudmor til pønken, og debutalbumet hennar, Horses, frå 1975, har hatt stor påverknad på pønkrock-rørsla.

Just Kids gjev ei skildring av det avantgardistiske og spennande kulturlivet i New York på byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan og mange fleire.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

Kommentarar

ANNONSE