Odd Nordstoga og Ragnar Hovland meiner begge at songtekstar er underordna melodien.

Ein fullstappa sal på Litteraturhuset i Oslo på onsdag fekk med seg ein strålande opplagd Nordstoga og Hovland, som samtala med Finn Tokvam om tilhøvet mellom litteratur på eine sida, og den gode melodien på den andre.  

Nordstoga sine melodiar og Hovland sine tekstar passar godt saman. Men kva synest Hovland om melodiane til Nordstoga? Og kva er det ved tekstane til Hovland som gjer at Nordstoga vil bruke dei?

Her er eit redigert utdrag av samtalen som gjekk føre seg mellom dei tre:

Tokvam: (etter at Nordstoga har fått stor applaus for framføringa av «Grisen står og hyler»)
– Dette er ikkje ein rockekonsert, men eit litterært arrangement.  Folk må halda kjeft og lytta på teksten.

Nordstoga: (om songen «grisen står og hyler»)
Ein gong fekk eg mange diktbøker frå Samlaget som eg las gjennom. Det var ei bok som eg likte godt, Elefantmusikk av Ragnar Hovland, og der fann eg «Kveldssong for deg og meg». Det gjekk veldig fort å lage ein melodi til den.

Hovland: Eg hugsar at sjølve teksten vart skriven veldig fort, på fire minutt. Spørsmålet var lenge: Hyler eller gryler grisen? I byrjinga kunne eg heller ikkje høyre at melodien (til Nordstoga) skulle ha eit hit-potensiale.  Men etterpå høyrte eg songen i  ein bilradio, og då tenkte eg at det var noko kjent med den, og at den var frykteleg fengande.

(Hovland set seg så ved orgelet, og spelar «Kveldssong for deg og meg», men attåt den melodien han opphaveleg hadde tiltenkt teksten, nemleg «Fager kveldssol smiler». Publikum godtar seg stort).

Tokvam:  Var det ikkje skummelt å vidareføre noko som Hovland hadde skapt?

Nordstoga: Jau. Det er ofte litt flaut å gå inn å forandre tekstar til forfattarar. Det er kanskje ein medverkande årsak til at eg lagar mykje tektstar sjølv.

Tokvam: Kor viktig var sjølve teksten i popsongar då de begynte å høyre på musikk?

Hovland:  Gode tekstar er jo gode tekstar, og dei betyr noko. Men eg har likevel alltid tenkt at tekstar ikkje er viktig. Første gong eg høyrte Beach Boys – Good Vibrations, trudde eg dei sang «Good Bye Brations»

Nordstoga: Første minnet om popmusikk var på Narvesen i Åmot, då syster og bror min kjøpte plater med Grease og Elvis in concert. Akkurat kva tekstane handla om hadde eg ikkje eit omgrep om då. Popmusikken er ei rekkje utbrot, som «kom bli med å dans, yeah yeah yeah!», veldig slik direkte og spontan, det handlar om noko her og no.

Popmusikk kan samanliknast med eit slåttestev, som  «Huttemegtu som det rumlar seg i meg, det tumlar seg i meg, det rumlar seg i meg! Eg er visst full av kattungar eg, og bikkjeungar, eg. Sudadudadeia-didå-dideia-didå!»

(Salen på Litteraturhuset flirar og kosar seg med samanlikninga)

Tokvam: Må den gode popen vere enkel?

Nordstoga : Vi nordmenn trur at teksten skal vere så viktig, djup eller litterær når den er på norsk. Viss ein har eit bra hook, to ord som passar godt saman… det kan ein ha god hjelp av. Ein god poptekst har enkeltlinjer som funkar godt i seg sjølv. Er det ein som er god til det, så er det Bob Dylan, men også Stein Torleif Bjella er flink til det.

Hovland: Ein god poptekst er enkel, men ikkje banal. God popmusikk er ikkje noko som prøver å vere kvasifilosofisk og noko meir enn det den er.

Tokvam: Lars Lillo Stenberg fekk ein del kritikk for songen han framførde den 22.7. Har de nokre tankar om det?

Hovland: Eg har respekt for det han har gjort før, men 22.7-songen til Stenberg var ikkje det beste han har gjort.

Nordstoga: Eg ville aldri ha tort å lage ein song til 22.7-markeringa i det heile tatt. Men det er jo naturleg at det kjem ein song i ein slik situasjon. Og eg synest han er modig når han gjennomfører ein slik song, på De Lillos-måten. Men det kan jo fort falle pladask, det er jo skilnad på tema.

Eg meiner  til dømes Lars Lillo Stenberg skriv poptekstar slik som dei gjer det  på engelsk – berre at han gjer det på norsk.

Tokvam: Er det noko som skil songtekstar frå andre tekstar?

Hovland: Ein sangtekst er ein sangtekst, og det finst jo dikt som er skrivne som dikt, som har blitt til sangtekstar etterpå, men ein sangtekst skal ein ikkje lese som eit dikt i tillegg. Difor går eg i mot alle som vil gi Nobels litteraturpris til Bob Dylan. Det er litt mangel på respekt, for han skriv sangtekstar, ikkje dikt.

Forskjellen på ein songtekst og dikt kan ein snakke om i det uendelege. Eg trudde eg skulle bli lyrikar først. Men dikt for vaksne slutta eg med for lenge sidan. Det er like krevjande å skrive songtekstar, men det vert ikkje stilt like høge krav til frå kritikarar. Det er lettare å sleppe unna med naudrim og liknande.

Tokvam: Kva ser du i dei Hovlandtekstane du nyttar?

Nordstoga: Generelt er Hovland «vår tids» forfattar. Det er morosamt, samstundes som det er nokre melankolske undertonar, som fascinerar. Han er absurd, surrealistisk, enkel, men òg gåtefull.

Når du sit med ein tekst må du prøve deg fram. Eg må setje teksten framom meg, lese den to gongar, og satse, og prøve å synge. Plutseleg klaffar det. At ein song gjer det bra har mykje å gjere med at det er musikalske tekstar. Eg er leverandør av eit uttrykk, og når eg ikkje har laga teksten sjølv, må eg likevel gjere det genuint og autentisk, og skape minst mogleg avstand mellom kjeften som utbasunerar det, og teksten.

Når eg skriv tekstar, for at det skal virke, må eget ta litt tak i kjenslevare ting, til dømes forholdet til andre folk. Men då må ein skjule sine spor. Samstundes er målet for ein tekst er at den ikkje skal handle om meg, men om lyttaren, deg.

 Ein må gjere teksten til ein del av seg sjølv. Og slik nærleik kjenner eg ofte til Hovland sine tekstar.

Hovland: Tittelen på songen  “Aude Strand” spelar på ein albumtittel frå songarinna Nico si plate Desert Shore. Eg trur at den melodien som Nordstoga har laga til teksten er noko Nico sjølv kunne ha lagd, seier Hovland, om korleis han oppfattar at Nordstoga lukkast med å setje melodi til tekstane hans.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.38

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE