Antirasisme skal inn i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er noko av det mest kompliserte vi kan få til i norsk skule, seier forskar ved Universitetet i Oslo, Rolf Mikkelsen til Klassekampen.

Han er ein av dei som i haust skal snikre saman eit opplæringsprogram for «forebygging av antisemittisme, rasisme og udemokratiske holdninger», mynta på lærarar og skuleleiarar.

Frå 2013 skal skular få tilbod om halvårige kurs, der temaa blant anna skal vere antisemittisme, rasisme og andre gruppefordommar, demokratisk beredskap, kritisk tenking og konflikthandtering. Kunnskapsdepartementet byrja arbeidet med dette i fjor vår, men terrorangrepet 22. juli gav kurset ekstra relevans. No er det løyvd seks millionar kroner til prosjektet, som strekkjer seg over tre år.

– Det er klart at dette har vorte ekstra relevant etter 22. juli, og prosjektet vårt ber også preg av det. Det er jo nettopp denne typen ekstremisme som er noko av det vi ønskjer å førebyggje, fortel prosjektleiar Peder Nustad ved Holocaustsenteret.

Les òg: Det ulogiske rasehatet

Kunnskapsdepartementet gav først oppdraget til Holocaustsenteret, men i kjølvatnet av avsløringane frå i vår om dei manglande rutinane for løyvingar i departementa, valde departementet å lage ei offentleg utlysing. Holocaustsenteret, Wergelandsenteret og Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved UiO vann anbodsrunden. (©NPK)

Les òg: – Tiggarar i Noreg er ikkje kriminelle