Twitter knebla kritisk OL-journalist

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knebla OL-kritisk journalist

Twitter har tidlegare vore kjent for å fremje, ikkje hindre, autoritetskritisk informasjonsflyt, og har blitt eit populært medium for avslørande kritikk av alt frå valdelege styresmakter til korrupte organisasjonar og skeive mediedekningar.

Det var det siste som førebels ser ut til å ha felt Twitter-kontoen til den kritiske Los Angeles-korrespondenten til The Independent, noko som skapte massiv furore og tusenvis av støttemeldingar på Twitter i timane etter det vart kjent i går kveld.

Twitter-bråk
Adams tvitra fleire kritiske meldingar under opningsseremonien i OL, og kritiserte at TV-kanalen NBC hindra folk å sjå opningsseremonien live på vestkysten i USA, på eit tidspunkt som då ville ha vore omlag då sola stod opp.

I staden sendte dei opningsseremonien først seks timar seinare. TV-kanalen har også skapt reaksjonar ved å ikkje vise viktige høgdepunkt for amerikanarane på direktesendt TV i helga som var, slik som symjing og basketball.

@guyadams twitra: 

"America's left coast forced to watch Olympic ceremony on SIX HOUR time delay. Disgusting money-grabbing by @NBColympics http://t.co/bQxKCCdj"

"I have 1000 channels on my TV. Not one will be showing the Olympics opening ceremony live. Because NBC are utter, utter bastards."

Og til slutt: 

"The man responsible for NBC pretending the Olympics haven't started yet is Gary Zenkel. Tell him what u think! Email: Gary.zenkel@nbcuni.com"

Den siste tweeten var den som fekk han bannlyst frå Twitter, som forklarte at det er eit brot på reglane å offentleggjere "eit individ sin private informasjon, slik som epost-adresser". 

Adams hevdar på side at dette ikkje var ein privat, men ein forretningsmessig adresse, og at adressa allereie var tilgjengeleg for offentlegheita med eit google-søk. Han meiner det er urovekkjande at NBC, som har eit datterselskap som sponsar OL, lukkast med å få Twitter til å sensurere kritiske meldingar. Det burde ikkje vere tilfellet i dagens internettalder, meiner han.

NBC, som viser alle direktesendingane på nettsida si, argumenterer på si side på Twitter, representert ved TV-produsenten Jim Bell, at kanalen tilbyr eit "smørbrødbord" av godbitar som er tilpassa den amerikanske marknaden, og at det aldri har vore presentert så mykje OL-stoff tidlegare. 

LES MEIR: Difor bør studentar bruke Twitter

 Ute etter meir reklameinntekter
I USA var det umogleg å få sett opningseremonien direkte på nokon TV-kanalar. At sendingane går i opptak, har gjort det mogleg for NBC å klippe inn store mengder reklamepausar undervegs. Adams meiner difor at det ligg kommersielle grunnar bak den forseinka sendinga av OL:

 Tv-selskapet har bestemt å forseinke sendinga av viktige olympiske høgdepunkt fram til beste sendetid fordi dei er ute etter å få meir reklameinntekter. NBC visste heilt sikkert at sjåarane kom til å reagere på dette" skriv Adams i ein artikkel i The Independent, før han legg til: 

 Viss det er ubehageleg for Mr. Zenkel å få epostar frå kundar som med god grunn er sinte, då er han ikkje rett mann for jobben.

Likevel er det ikkje OL-prioriteringane til NBC saka no handlar om, men at det skal vere mogleg for eit medieselskap som har sponsorinteresser i eit arrangement å overtale Twitter til å kneble journalistar som er kritiske og som vidareformidlar allereie velkjente epost-adresser med oppmoding om at publikum skal melde i frå om misnøya si. 

LES MEIR: FN sensurerte norsk jentekor