Reiser i flokk og nære land

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fjorden koker av kval

Han kan slå fast at det er grindkvalar som har dukka opp i Langenuen og elles i sunnhordlandsbassenget søndag og måndag.

Kjem nær land
– Sym kvalane ofte så nær land og inne i fjordane?

– Grindkvalen gjer gjerne det, og difor er desse som vert jakta på Færøyane, fordi det er så lett å få fatt i dei, seier Bjørge ved Havforskingsinstituttet i Bergen.

Eigentleg held kvalane mest til i den ytre leia av fjordane, men det er altså ikkje sjeldan at dei og kjem inn i fjorden.

– Dei likar seg godt på djupna, for der finn dei blekksprut som er ein stor del av dietten deira. Men no er også dei norske fjordane ganske djupe, seier havforskaren.

I store flokkar
Det er den langfinna grindkvalen som har vorte observert i fjorden, det er nemleg dei som finst i Noreg.

– Desse held gjerne til i kaldtempererte til sub-polare hav både på nordlege og sørlege halvkule, forklarar Bjørge.

Grindkvalen reiser også i store flokkar og då er det heile familien som er på tur, bortsett frå far då.

– Hannane i ein flokk parar seg med hoer frå ein anna flokk, og det betyr at hannane i ein flokk ikkje er fedrar til kalvane i same flokk, fortel Bjørge.

Les saka i Sunnhordland!

Les om kvalar i Ålfjorden i Grannar!