– La Breivik skrive brev for hand

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Så vidt eg veit, er han ein av få norske fangar som har fått PC på cella. Den må dei ta frå han. Han får skrive brev som alle andre utan PC, for hand, seier Blattmann til Fædrelandsvennen.

Han er ikkje samd med forsvarar Geir Lippestad i at det vil vere inhumant å ta frå massedrapsmannen moglegheita til å kommunisere med meiningsfellene sine.

Breivik forhandla seg til ein PC på cella allereie på kvelden 22. juli, i byte mot informasjon til politiet. Han har fått hundrevis av brev, mange støttande, sidan forbodet blei oppheva 14. november. Etter at dommen fell er det fengselet som bestemmer om han får halde fram med å bruke data. Dersom han blir dømt skuldfør, kan han få friare tøylar og mogleg tilgang til internett.

Terroristen har gitt klart uttrykk for at dette er avgjerande for den mentale helsa hans. Forsvarar Vibeke Hein Bæra sa til VG før helga at dei meiner det vil stride mot Den europeiske menneskerettskonvensjonens avgjerder om tortur viss Kriminalomsorga ikkje aktiviserer Breivik.

– Status er at han brukar PC som skriveverktøy, og vi legg til grunn at han framleis får gjere det, også etter at domen er rettskraftig, sa ho. (©NPK)

Les òg: Breiviks forsvarstale lagt ut på Youtube