Brygg sjølv!

Du har sikkert lagt merke til det, i alle fall om du har feriert i Norge i sommar. Det har blitt meir spennande å gå ut i dette landet.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Restaurantane og barane har blitt meir opptekne av lokale råvarer og kortreist mat. Barane og pubane har ikkje lenger berre ein ølsort. Gjestene kan no velje mellom masse ulike ølsortar frå mikrobryggeri frå heile Norge.

Og no blir utelivet endå meir spennande for alle som sett pris på kvalitet, kortreist mat og lokal ølbrygging. For ikkje lenge sidan opna nemlig Norges første ekstrem-nær-restaurant-bar-kro. Innehavarane er sikre på at vi i framtida vil få mange slike utestader.

Norges første ekstrem-nær-restaurant-bar-kro heiter «Ekstrem-nær-restaurant-bar-kroa». Innehavarane meiner det ujålete namnet passar konseptet godt.

«Ekstrem-nær-restaurant-bar-kroa» er eit stort tomt rom. Ideen er at gjestene tek med seg eit dyr heimafrå, og så kan dei slakte det, partere det, steike det eller koke det på staden. Det ein vil ha til dyret, kan ein plukke i hagen bak restauranten.

– Her leiker vi ikkje kortreist, seier ein av innehavarane, tobarnsfaren Terje (41) som sa opp ein godt betalt jobb i kultursektoren for å starte ekstrem-nær-restaurant-bar-kroa.

I det store tomme rommet er det ingenting på veggane.

– Her er fokuset på gode smakar, alt anna er jåleri, seier Terje.

– Det er heller ingen møblar her?

– Det er ein skog ikkje langt unna. Gjestene kan gå dit, høgge ned eit tre og lage sine eigne møblar.

– Kva drikk ein til slik mat? Øl?

– Sjølvsagt.

– Frå mikrobryggeri?

– Mikrobryggeri har blitt mainstream. No får du Nøgne Ø på Meny. Sjarmen er borte. Nøgne Ø er det nye Ringnes. Vi tar det litt lenger. Her brygger kvar gjest sitt eige øl.

– På bordet i restauranten?

– Dersom gjesten har laga eit bord. Det bestemmer gjestene sjølv. Bord til alle er mainstream.

– Så restauranten stiller med det ndvendige utstyret for ølbrygging, og så..

– Nei, gjestene må ha med alt sjølv. Elles blir det mainstream.

– Kva slags folk er det de trur vil gå på denne restauranten?

– Ekstrem-nær-restaurant-bar-kroa, meiner du? Alle slags folk.

– Alle?

– Ja, men det er klart at hovudmålgruppa vår er urbane familiefedre på cirka 41 som jobbar i kultursektoren og skulle ønske dei var interesserte i noko.

 

– Eg har lenge tenkt at eg skulle interessert meg for noko, seier ein av gjestene, den 41 år gamle familiefaren Stein som jobbar i kultursektoren. Stein sitt på ein stol han har laga sjølv og ventar på at maten og ølet skal bli ferdig.

– Kor lenge har du venta?

– Eg kom i går. Ekte mat tek tid.

– Kva er det du liker med denne restauranten?

– Ekstrem-nær-restaurant-bar-kroa, meiner du? Det er fint å ha ein interesse.

– Når blei du så interessert i ølbrygging og mat?

– Det var då eg fylte førtiein og innsåg at eg ikkje var interessert i noko anna.

 

Ein annan gjest, tobarnsfaren Geir (41), liker det upretensiøset med plassen, og fokuset på kvalitet.

– Skal det bli bra, så må du gjere det sjølv, seier Geir. -Eg trudde eg likte Carlsberg heilt til eg fekk beskjed om at eg ikkje gjorde det. Så no drikk eg aldri noko eg ikkje har laga sjølv.

– Det blir jo mykje venting på denne restauranten, ..

– Ekstrem-nær-restaurant-bar-kroa.

– .. på denne ekstrem-nær-restaurant-bar-kroa. Er det noko underhaldning her?

– Det kan det vere. Men den må du i så fall stå for sjølv. Forrige veke laga eg quiz.

– For alle gjestene?

– Nei, berre for meg. Quiz for alle er mainstream. Quiz er den nye trubaduren.

– Så du laga spørsmål som du stilte til deg sjølv?

– Ja, og eg klarte berre å svare på halvparten. Ein mister lett konsentrasjonen når ein er skikkelig svolten og har venta på maten i eit døgn.

 

Ein annan av innehavarane, tobarnsfaren Børre (41), trur denne typen utestader er framtida. Og han ser for seg at det går an å vidareutvikle konseptet.

– Vi ser for oss at om ikkje så lenge så kan kvar gjest få ein liten jordlapp der dei kan bygge seg eit lite hus, dyrke ting og kanskje ha nokre dyr.

– Det du meiner er altså at gjestene dine skal bli bønder?

– Nei, det skulle tatt seg ut.

Stod først på trykk i Aftenposten 28. juli.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!