Snart billettsal for «Kon-Tiki»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kon-Tiki» har norsk premiere 24. august, men billettsalet startar tre veker tidlegare, 3. august.

Filmen blir testa på publikum alt 18. august, då den opnar filmfestivalen i Haugesund. Og 23. august er det festpremiere med kongeparet blant tilskodarane i Operaen.

– Endeleg er «Kon-Tiki» klar for å møte publikum. Vi som står bak, er stolte over sluttresultatet og gler oss stort til å vise filmen og få reaksjonar og kommentarar frå publikum, seier produsent Aage Aaberge i ei pressemelding.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Tidlegare denne veka vart det kjent at storfilmen om Kon-Tiki-ekspedisjonen også skal visast under filmfestivalen i Toronto, ein av dei største publikumsfestivalane i verda. Visninga i Toronto blir den internasjonale premieren i byrjinga av september. (©NPK)

Sjå trailer frå filmen under:

Sjå bakom-filmen-film under: