Frå ved til solbrille i tre

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Ein må kunne bruke trevirke til noko anna tenkte eg, ein av dei mange sumardagane eg jobba med vedarbeid på garden hjå bestemor mi. Dagane var ved ved ved – hogging, flytting og stabling. Frå våningshuset rauk det alltid frå pipa, seier Lars Guddal Sunde, ein av dei tre gutane som no satsar offensivt på moteriktige briller – av tre. 

Kameraten Sigve Bø teikna det fyrste brilleparet og slik var konseptet Woodies eit faktum. Snart skipa dei bedrifta og merkevara Boe & Sunde. Med kameraten Aleksander Sørland på laget, satsar dei alt på solbrille av tre.

Framtida vart med dit det heile starta. Til skålen og vedahaugen i Oppstryn.

Frå vedaskålen til catwalken       
– Då vi såg den fyrste fronten i tre skjønte vi at dette er mogleg. Saman med augneblinken vi fekk halde den fyrste prototypen av ein heil brille i Hong kong, er det dei største stundene i gründertilværet til no, seier Lars og Sigve.

Prosessen frå teikning til produkt starta med stikksag og finer i vedaskålen i Stryn. Så vart det bruk av mønsterteknologi på møbelfabrikk lenger ute i fjorden. Etter kvart vart glas, hengsle og trevirke til ferdige brille i Asia, der brillene vert produsert i dag.

– No har vi kome dit at brillene vert seld mange stader rundt i landet og det er veldig stas, held gutane fram. Frå i år vert dei nemleg å finne i Match House of Fashion-butikkar rundt om i landet, i tillegg til nettbutikken og ein liten lafta sumarbutikk i Stryn.

Turen til catwalken kom under Oslo Fashion Week tidligare i år, der woodisane vart brukt av fleire modellar og hausta stor åtgaum. 

 Miljø og folketru
– Miljø er jo ein viktig del av produktet vårt, men det er ikkje det vi legg mest vekt på i marknadsføringa. Det er viktig å produsere ting som er mindre avhengig av oljeindustrien og då er tre eit godt egna materiale, seier Lars.

Ideane i Boe & Sunde speglar det å kome attende til røtene – i vid forstand. Til jorda, naturmateriala og folketrua. Med alt frå bruk av skinn og tre i kolleksjonane, til namn som Nøkken og Huldra på brillemodellane.

– Skogen er fascinerande og livnærande gjennom til dømes ved. Klart det er mykje inspirasjon å hente der, seier gutane.

Vors  
– Eg elskar fashion og vart oppglødd over konseptet, seier Aleksander Sørland frå Nordfjordeid. Han var av dei fyrste kundane i nettbutikken, så møtte han Sigve Bø på vors i Bergen og no er han på veg inn i bedrifta. Vors og turar på byen, er i det heile viktig i Boe & Sunde.

–  Alt handlar om nettverksbygging. På vors, på byen og på motearrangement, seier Sigve. Slik har dei kome inn på marknaden og slik fekk til dømes Per Sundnes augo opp for brillene. Saman med Petter Stordalen, er han ein av fleire kjendisar som har fått sansen for woodisane.

Under 20
– Vi har ikkje møtt mange fordommar i bransjen fordi vi er så unge, det har heller vore positivt. Det viktigaste er jo å ha et produkt av god kvalitet, og så må ein opptre seriøst og profesjonelt, seier gutane.

Sigve og Lars var 17 og 19, då dei byrje tenke brille og var for unge til å registrere firmaet i Brønnøysunnregisteret sjølve. Fyrste kolleksjon vart lansert  for to år sidan, då dei var 18 og 20.

– I starten hadde nok ikkje alle heime i Stryn trua på det vi dreiv med. Men det har berre gjort oss meir tent, det er som å sykle i motbakke – vi trakkar berre hardare.

Gjer kva som helst
Frå starten har det handla om ei indre drivkraft, som gjer at dei sparkar seg sjølve opp og satsar alt, når arbeidsmengda vert stor og utfordringane mange. For det har kosta – sparepengar, vener og tid.

– Studiane kan vi alltid ta att – det kan vi ikkje med bedrifta, seier Lars og Sigve. Som har take pause i studiane, for å bruke all energi på Boe & Sunde.

Målet er at ideen frå vedaskålen, fyrst skal ta den norske marknaden og seinare verte ein internasjonal merkevare.

– Dette er dei kulaste solbrillene som finst. Vi har fleire idear på lur og trur 2012 vert vårt år. Men alt handlar om kva vi gjer det til, avsluttar Aleksander Sørland, Sigve Bø og Lars Guddal Sunde. 

Sjå video her!