Nav godtek større reknefeil

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å redusere kostnadene med innkrevjing føreslår Arbeidsdepartementet ei ny lov som lèt Nav sleppe å krevje inn beløp under 3.440 kroner.

Etaten oppdagar opp mot 50.000 nye feilutbetalingssaker kvart år, men svært mange av sakene er små, og når det i gjennomsnitt kostar 3.000 kroner å krevje inn éi sak, blir det fort kostbart, skriv Aftenposten.

Arbeidsdepartementet håpar denne kostnaden skal reduserast mykje ved å heve beløpet for kor stort eit feilutbetalt beløp bør vere frå 430 kroner i dag til 3.440 kroner. Nav meiner fleire millionar kroner kan sparast inn.

Men dette kan også gjere det lettare å lure til seg pengar frå Nav. Framstegspartiets Laila Marie Reiertsen, som sit i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, fryktar den nye lova kan fungere som eit smotthol i trygdesystemet.

– Dette kan føre til meir misbruk. Eg trur også vi sender feil signal med denne lova – vi seier at vi godtek feilutbetalingar, seier ho.

Arbeids- og sosialkomiteen gjekk samrøystes inn for forslaget i juni, med støtte frå Reiertsen. No vil ho diskutere saka ein gong til med partiet før Stortinget tek den endelege avgjerda til hausten. (©NPK).