Dumpar 2000 kjæledyr kvar sommar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sommaren er høgsesong for dumping av kjæledyr. Er det tal på om lag kor mange dyr som mister heimane sine?
 Det er veldig vanskeleg å slå fast kor mange dyr som mister heimane sine. Vi hjelper mange, men der er nok også veldig mange som ikkje blir oppdaga eller som ikkje får hjelp fordi ein ikkje er klar over situasjonen deira, seier Dyrebeskyttelsens Linn Krogstad.

– Også kapasitetsproblem gjer at vi ikkje får redda alle som treng hjelpa vår. På årsbasis tek vi inn ca. 4000 dyr, og rundt 50% av desse kjem inn i sommarmånadane.

LES MEIR om Dyrebeskyttelsen

Manglande planlegging, ansvarskjensle og respekt
Kvifor dumpar folk dyra sine i ferien?
 Det er på grunn av dårlig planlegging og fordi folk ikkje har respekt for det livet og ansvaret dei har teke på seg. Det hjelp lite å planlegge feriepass til katten omlag samstundes som ein pakker kofferten. Feriepass må planleggast i god tid, og ein må være sikre på at dyret vil ha det bra også i ferietida.

– Sommeren er også ei vanskeleg tid fordi det blir født mange uønska kattungar. Eit kjapt blikk på finn.no viser at talet annonser på kattar som blir gjeve bort snart er oppe i 800 annonser. Fleire av annonsene inneheld 2-6 katter. Det er altså fleire tusen dyr som folk vil omplassere. De skriv på vevsida at det er høgsesong for dumping av dyr. 

Kva trur du skal til for at færre dyr skal bli heimlause?

– Folk må vere ansvarlege dyreeigarar og må kastrere og ID-merke kattane sine. Då vil ein kunne forsikre seg om at katten ikkje produserer uønska kattunger og ein veit at dersom katten rotar seg bort, så er det mogleg å spore opp eigaren raskt. Så enkelt er det.

– Ein del katteeigarar seier at prisen er for høg for kastrering og ID-merking. Viss dei ikke ønsker å bruke penger på kattene sine betyr det i praksis at de ikke bør ha dyr. Det er faktisk prisen du må betale. 

-Dei fleste politikarane har gløymt dyra 
Tek nordmenn og norske politikarar dyrevelferda nok på alvor?

– Nei, heilt klart ikkje. Mange nordmenn er flinke og tek godt vare på dyra sine, men med tanke på kor mange som kontaktar oss om dyr som treng hjelpa vår, så er det klart at det også er mange som ikkje er flinke. Det verkar som om mange ikkje forstår ansvaret dei påtek seg. Ein katt kan kanskje leve i over 20 år, så ein må kunne tilby dyret ein heim så langt frem i tid.

– De fleste politikarar har gløymt dyra. Dyra er blant dei svakaste i samfunnet, dei kan ikkje tale si eiga sak, og er avhengige av at nokon gjer det for dei. Dyr har også rettar, men vert ofte frårøva desse. Politikarane må sette dyra på dagsordenen, og pelsdyroppdrett, heimlause dyr, kvalfangst og andre dyrevernsproblem må takast tak i. 

LES MEIR om dyrevelferd: Noreg investerer i enorme utanlandske grisefarmar

-Må lære at dyr har kjensler og eit ønske om å ha det godt
Er det noko kvar og ein kan gjere for å hjelpe?

– Vi treng heilt klart fleire friviljuge. og vi treng donasjonar for å kunne halde fram arbeidet. Som friviljug kan ein bidra med vere fosterheim, sjåfør, stå på stand, til dømes. Har du litt tid å avsjå, så treng dyra deg.

– Vi i Dyrebeskyttelsen Norge er veldig opptekne av at barn og unge skal lære om dyr. Vi lanserte difor kampanja «Dyredetektivene» i fjor, og vi arrangerar ei rekkje aktivitetar som barn og unge kan delta på.

Kva skal ein gjere om ein veit om dyr som ikkje har det bra, eller om ein finn dyr som er dumpa?

– Dersom ein finn eit dyr som er dumpa eller mishandla, så bør ein kontakte den næraste avdelinga til Mattilsynet. Dersom dyret si forfatning er dårlig må dyret leverast til veterinær. Privatpersonar blir ikkje ansvarlege for utgiftene til veterinærbehandlinga til eit dyr dei ikkje eig.

Som dyreaktivist, kva meiner du er det viktigaste vi kan gjere for å betre dyrevelferda i Norge?

– Det viktigaste er at folk må forstå problemena som dyra har i dag. Ein må forstå at dyr er levende vesen med eit hjarte som bankar og som har eit ønske om å leve og ha det godt. Dyra har kjensler som kan føre til frykt og glede, og dette må vi ta inn over oss og respektere når vi kvar dag møter på dyr, anten det er naboen sin katt eller bymåsar.