70 elevar kan miste USA-opphaldet
Opp til 70 norske utvekslingselevar risikerar å måtte pakke ut av kofferten i siste liten etter at organisasjonen som formidlar studieplassar i USA har mista løyvet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart år reiser omlag 1500 elevar frå Noreg til utlandet for å gå på skule, noko som er det høgste prosentvise talet per innbyggjarar i noko land i verda. Desse opphalda er som regel organisert gjennom internasjonale utvekslingsorganisasjonar, og mange elevar brukar opp til eit år i førekant på å søke om plass og planlegge turen.
LES MEIR: For få studerar i utlandet
Suspendert løyve
No viser det seg altså at ein av organisasjonane som formidlar slike studieplassar, Pacific Intercultural Exchange (PIE) i USA, har blitt suspendert av styresmaktene. 70 elevar står truleg på bar bakke, og må legge nye planar.
I følge Bergens Tidende kan alternativa for mange kan vere å takke ja til omplasseringar i andre land, organisert gjennom den norske partnerorganisasjonen til PIE, Speak. Viss ikkje dette let seg gjere, vil alle få pengane attende.
For det spørs det vel om ei reserveløysing med eit år på ein norsk vidaregåande skule fell i smak for fleirtalet av elevane som nok hadde sett føre seg eit spanande utanlandsopphald.