Vil markere Språkåret 2013 i heile landet

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Planlegg språkåret 2013

Fekk ein litt dårleg start
Du pendlar vekentleg frå Oslo til Volda/Ørsta og Aasentunet, som er arbeidsstaden din. Du har kanskje hatt ein turbulent sommar på fleire måtar?

− Eg fekk ein litt dårleg start, sia eg mista flyet første gongen eg skulle til Volda. Då endte eg med å ta nattbussen. Andre gongen vart det taxi for fly frå Sogndal. Men så langt verkar det veldig fint å vere på begge plassane. Kollegaene mine på Aasentunet er veldig kreative og dyktige folk, og eg har møtt mange kjekke folk i Volda. Eg har ikkje løyvd meg sjølv så mykje ferie i år, men eg har vore heime hos foreldra mine ein tur og ete jordbær og sommarkotelettar.

Godt inntrykk av Sunnmøre
Kva førsteinntrykk fekk du av den nye arbeidssituasjonen?

− Den første veka var det jo festspel, der mellom anna ein av favorittartistane mine, Stein Torleif Bjella spelte. Og så møtte eg ei venninne som introduserte meg for masse trivelege folk i Volda, så det har vore bra så langt. Til og med utsikta frå taxien for fly mellom Sogndal og Ørsta gav eit godt inntrykk av Sunnmøre.

Men du bur framleis i Oslo?

− Eg er så enkel at eg liker å vere der det skjer, og anten ein vil det eller ikkje så skjer det mykje i Oslo. Og så har eg stort nettverk av bra folk i Oslo som gir meg gode idear og innspel og som er fine å vere i lag med. Eg trur også det er bra å vere i nærleiken av der dei fleste store organisasjonane og kulturinstitusjonane har kontora sine. 

Uredd og godt budd
Kva var det med den jobben som fekk deg til å få lyst til å søke?

− Kombinasjonen av å gjere noko ingen har gjort før, å få ein sjanse til å gjennomføre eit stort arrangement, og å jobbe med noko eg verkeleg brenn for. Eg kjenner meg sikker på at 2013 blir eit minneverdig år.

Kva har du gjort tidlegare som kan bu deg på utfordringane i denne jobben?

− Eg tenkjer at summen av alt det eg har gjort før er relevant for denne jobben. Eg har vore eit språkleg utskot på heimplassen min, arrangert store speidarleirar, vore avisbod, journalist, kommunikasjonsrådgjevar, målungdom, jobba mange år i kassa på Rema, jobba i kommunen, på teater og på Ikea. Eg er vand til å jobbe under tidspress, med ulike ting og å samarbeide med ulike folk, og eg liker det godt . 

− Bror min er ungdomsskulelærar, og det synst eg er mykje skumlare.

Vil feire jubilantar og språkleg mangfald
Kva feirar vi i språkåret 2013? 

− Det er Nynorsk kultursentrum, som også driv Ivar Aasentunet, som har fått i oppgåve frå Kulturdepartementet å drive Språkåret 2013. Det er 200-årsjubileet for Ivar Aasen sin fødsel og 100-årsjubileet til Det norske teatret som er bakgrunnen for at vi feirar Språkåret i 2013.

− Begge desse jubilantane er sterke og synlege representantar for språkleg og kulturelt mangfald, og av den grunnen er det naturleg å gje plass til fleire når desse to jubilea skal bli feira. Derfor skal 2013 vere året der vi feirar det språklege mangfaldet og språkrikdomen i Norge.

Går breitt og offensivt ut over heile landet
Kan du allereie no gi ein peikepinn på kva form Språkåret 2013 tek?

− Gjennom samarbeid med landsfemnande organisasjonar og institusjonar håpar vi å nå ut til dei fleste av landets kommunar med eitt eller fleire arrangement i løpet av året. Vi prøver å få med oss alle landets kommunar på å markere bursdagen til Ivar Aasen 5. august, vi skal gje ut eit språkmagasin til alle husstander, og basisarrangementa blir fordelt på heile landet og på ulike miljø. 

− Vi har seks store basisarrangement under planlegging på ulike stader i landet gjennom heile året, og breidda i resten av aktiviteten vil til ein viss grad vere avhengig av kor mykje pengar vi får. Men når det er sagt så går vi breitt og offensivt ut no for å få flest muleg med oss, og eg håpar at løyvingane på statsbudsjettet blir av same omfang. For interessa for Språkåret er stor.

− Om nokon sitt på ein idé til noko dei vil arrangere sjølv eller som dei synst vi skal setje i gang, må de forresten ringje meg. Det er no den store planlegginga startar.