– Ungdom skal vere med å førebygge valdtekt

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inkluderer unge mot valdtekt

Handlingsplanen støttar seg mellom anna på rapportar frå Valdtekstutvalet, som slår fast at ungdomsvaldtekter oftast skjer mellom jamaldringar som kjenner kvarandre frå før og som har brukt rusmiddel.

Kvart år vert over 1000 valdtekter meldt til politiet, men truleg er talet på faktiske valdtekter mykje høgare, fordi berre ein liten del av offera vel å melde overgrepa til polititet. Handlingsplanen er eit ledd i å senke terskelen for å ta kontakt med politi og hjelpeapparat.

Viktig med haldningsarbeid i skulen
Den nye handlingsplanen legg vekt på at ungdom skal ha ei viktig rolle i å utforme nye haldningskampanjar. Ein skal òg legge større vekt på å undervise om krenkingar av kjønn og seksualitet. Ei metode som vert halden fram, er å gi alderstilpassa undervisning om kropp, grenser og seksualitet heilt frå tidleg alder og gjennom skuleløpet, heilt til vidaregåande.

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen er tydeleg vekt på at skulen er ein viktig arena for å utvikle betre haldningar og slik redusere talet på valdtekter.

– Skulen er ein viktig arena for førebyggingsarbeidet. Difor skal vi styrke læreplanane på dette området, slik at skulen blir i betre stand til å møte utfordringar knytta til ulike former for krenkingar, mellom anna av seksualitet og kjønn, uttalar Halvorsen i pressemeldinga.

– Ansvaret ligg hos overgriparen
Haldningsplanen slår fast at ein i enda større grad må rette det førebyggande haldningsarbeidet mot gutar og menn, og mot samanhengen mellom valdtekt og rus.

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen meiner at haldningsarbeidet må fokusere på at ein ikkje kan skuve ansvaret for valdtekter over på offeret.

– Valdtekt er eit særs traumatiserende overgrep å bli utsett for. Vi må utvikle respekt for eigne og andre sine grenser og seksuelle integritet. Eg er oppteken av at ansvaret ikkje skal ligge hos potensielle offer, men hos overgriparane, seier Thorkildsen.

Amnesty starta ei kampanje mot valdtekt og la ut videoen `Nei er nei` 28.juni.