– Sjekk rettane dine

Forbrukarrådet oppmodar studentar og andre på hybeljakt om å lesa leigekontrakta nøye.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det nærmar seg studiestart og i det høve har Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane sendt ut ei pressemelding kring husleige.

– Ved hjelp av nokre enkle grep slepp du unna dei største problema. Les kontrakten nøye, sjekk oppsigingstida og kva husleiga inkluderer, seier seniorrådgivar, Anne Råheim i Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

– Ver nøye med depositum

– Utleigar har rett på å ta depositum, men du må aldri betala depositum direkte inn på utleigaren sin personlege konto, seier Anne Råheim.

Utleigar har også rett til å be om garanti. Det er ofte foreldre eller NAV som underteiknar på at dei vil dekkja ubetalt leige og skader på leilegheita. Utleigar kan ikkje krevja at depositum og garanti dekkjer meir enn seks månadar husleige til saman.

Les saka i Sogn Avis!