Ingen planar om kostymeforbod på norske kinoar

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire kinoar i USA har gjort masker, leikevåpen og andre kostyme som “gjer gjestar uvel” forbode i etterkant av tragedien Aurora i Colerado. Samstundes meiner Obama og Det kvite hus at det framleis skal vere lov å eige militærvåpen.

Maskefall
Det er i etterkant av skytinga i Aurora på midnattspremieren av Batmanfilmen “The Dark Knight” at fleire kinoar gjekk ut med forbod mot kostyme. Fleire vitne hadde etter tragedien meldt at gjerningsmannen hadde på seg gassmaske og andre klede som fekk han til å likne på Batmanskurken Bane, skriv bloggen til LA Times. Grunna utkledinga til gjerningsmannen skal fleire i publikum først ha misforstått åtaket som skodespel og ekstraeffektar, og ein del av den ekstraordinære kinopremieren.

Det var AMC Theater, den andre største kinokjeda i USA, som først gjekk ut med forbodet. Først forbod dei alle kostyme, men etter at saka eksploderte i amerikansk media klargjorde dei at det kun var snakk om masker, leikevåpen, og kostyme som “gjer andre gjestar uvel”. Nett kva type kostyme dette kunne vere gjekk dei ikkje nærare innpå.

Leikevåpen ulovleg, ordentlege våpen lov
Trass i at fleire kinoar no har forbode leikevåpen, vil korkje Obama eller Det kvite hus vurdere strengare kontroll av ekte våpen. Mellom våpena som vart brukt i Auroraskytinga var heil- og halvautomatiske vmillitærvåpen som er designa for hurtig å kunne skyte mange skot, slik som som maskingevær. Fram til 2004 var denne typen våpen ulovleg å eige for privatpersonar i USA. Etter Aurora-skytinga har fleire, mellom dei kommentatoren Jake Tapper hos ABC News, bedd Obama arbeide for strengare kontroll av nett denne våpentypen.

Framleis lov med kostyme i Noreg.
For Batman-fans som har gledd seg til å kle seg ut, er det likevel ingen grunn til å fortvile: Då Framtida tok kontakt med Oslo Kino hadde dei ingen planar om tilsvarande kostymeforbod, og dei kjente heller ikkje til liknande planar hos andre norske kinoar.

Tykkjer du kostymeforbod på kino er lurt? Diskuter saka!