Dette er vår kvardag

Marit Nerås Krogsæter
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er sumar og det er ferie. Gleda er til å ta og kjenne på. Eksamenar er godkjende, for nokre er bacheloroppgåva ferdigskriven og for andre så er sumarjobben allereie i gang. Studentane som har brukt mesteparten av året på å lese knusktørr pensumlitteratur kjem heim til bygdene for å skaffe seg arbeidserfaring på ulike områder og tene opp nokre ekstra pengar til hausten. Nokre tek seg tid og råd til ein liten utanlandsferie, medan nokre har alt fått seg eit par dagar ute i finevêret før turnusplanen for dei neste seks vekene skal følgjast. Det er sumar, det blir forhåpentleg meir sol og resten av ferien skal brukast innandørs. Ein må berre elske studentlivet.

Mange ser på studentlivet som fyll, fest og fritid. For nokre kan dette stemme, men for andre er det vanskeleg å få endane til å møtast. Det er ikkje noko luksusliv ein kan leve når ein er student. Med eit stipend og lån på 6800 i månaden og ein bustadmarknad som er heilt sinnssjuk er det vanskeleg å kome gjennom kvardagen utan å ha ei formue før ein startar på studiane eller nytte kvar fritime ein har til å sitje i kassa på Rema. Dette er tid ein kunne ha brukt på universitetet eller høgskulen for å arbeide seg opp meir kunnskap slik ein kan få større fordelar når ein skal inn i arbeidslivet. Elles så er det nokre som er så heldige som får økonomisk stønad frå sine føresette når det trengs, og det er ikkje alltid ei sjølvfølgje.

Det er eit politisk mål at alle som studentar skal vere heiltidsstudentar. Eg skulle gjerne sett politikarane som sit i sentrale posisjonar overleve på ein grei måte med dei midlane dei har lagt opp til sjølve. Det er tøft, det krev god økonomistyring og ein må finne ein stad å bu som ikkje er helseskadeleg og som ikkje blir for dyrt. Dette er vanskeleg å finne, særskild dersom du er student i ein ny by eller bygd.

Dersom ein som student skal leve berre på studielånet og stipendet har ein ei timesløn på 42 kroner og 50 øre. Dette er dersom ein brukar fem dagar i veka i ein månad. Dette skal rekke til mat, klede, hybelleige og ikkje minst pensumbøker. I tillegg til dette bør ein òg ha motivasjon til å halde fram med studiane. Dette er tøft og det trengs god planlegging. Prøv dykk på dette, kjære politikarar. Lev ein månad på eit studentbudsjett, lev livet til fulle og sjå kva kvardag de har dømd oss til å leve.