– Eg er ein annan person enn for eitt år sidan

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er blitt ein annan person

– Eg trur ikkje eg har utvikla meg so mykje som person på eitt år før, og eg kan med handa på hjartet seie at eg er ein heilt annan person enn for eitt år sidan, seier nittenåringen frå Volda om korleis det siste året har vore.

– Føler stress på ein annan måte.
Du kom nesten så nær gjerningsmannen på Utøya som mogleg utan å ta fysisk skade, og du har mista mange venar og kjente. Har du hatt ein bevisst kvardagsstrategi for å kome deg vidare i året som har gått?

– Merkeleg nok har eg merka svært lite av “etterverknader”. Det einaste er at eg kanskje føler stress på ein litt annan måte enn eg har brukt å gjera, utan at det finst noka god forklaring på kvifor. Eg har ikkje hatt behov for nokon “strategi”, slik sett.

Ikkje ”på plass” enno
Korleis har har du det i dag då, eitt år etter hendingane på Utøya?

– Ein kombinasjon av å nett ha flytta, ny jobb som styremedlem i Elevorganisasjonen, og litt forskjellege hendingar det siste året har gjort at eg kanskje ikkje er “på plass” i like stor grad som eg vil vera.

– Året har vore slitsamt, òg med tanke på at det har vore det avsluttande året på vidaregåande. Mykje av dagane mine går med til jobben i Elevorganisasjonen. Elles skriv eg mykje for tida, både som privatperson og som ungdomspolitikar.

Komplekse endringar
Korleis har du endra deg?

– Det er vanskeleg å seia. Eg har nok vorte noko meir utadvent, men på den andre sida har det vorte vanskelegare å koma tett inn på meg. Eg har fått eit mykje sterkare konkurranseinstinkt òg. Eg trur rett og slett eg har ei kjensle av at eg vil bevisa for meg sjølv at eg er “bra”, på eit vis.

– Og eg høyrer òg meir på musikk enn tidlegare – den har meir terapeutisk verknad for meg no enn den hadde tidlegare.

Har du på noko tidspunkt ønskt deg større emosjonell avstand til sjølve hendinga på Utøya?

– Nei. Eg føler meg ikkje spesielt “kobla” til Utøya frå før av, so avstand er ikkje noko stort behov for meg.

Motivert til å drive med politikk
Kjenner du deg meir motivert til å jobbe vidare med politikk etter det som hende i fjor?

– Motivasjonen for å jobba med politikk på nasjonalt plan er, for augneblinken, ganske sterk. Det har skjedd mykje det siste året eg sjølv synest treng å rettast opp i, difor tvilar eg på at eg kjem til å slutta med å vera politisk aktiv med det fyrste.

Kva saker innan politikken og samfunnet er det som opptek deg mest då?

– Målpolitikk er nok det mest sentrale, og utdanningspolitikk. Elles er næringspolitikk eit felt eg er ekstremt interessert i, men ikkje har kome so godt innpå enda.

Forsurande ordskifte etter 22.7
Når vi først er inne på det området: Korleis synest du at det offentlege ordskiftet og stemninga det siste året har vore?

– Eg synest ordskiftet har blitt meir forsura etter kvart som tida har gått. Ein del av omgrepa (spesielt “meir openheit, meir demokrati”) vert slengt ut her og der, og har missa absolutt all verdi. Det er ei skam, men etter kvart har eg kome fram til at det ikkje var anna å venta.

– Har merka større polarisering
Trur du vi tek lærdom av hendingar som 22.7.11, eller er det for lett å felle attende i gamle, fordomsfulle tankemønster?

– Eg trur nok samfunnet veks, men at ein diverre kan sjå ei enda større polarisering enn den ein hadde før 22.7. Personleg har eg iallfall merka mykje betre at politikk har vorte “allemannseige”. Dei som vil klorar til seg plass i den offentlege debatten – uansett bodskap. Akkurat det har eg merka svært godt den siste tida.

Vil ikkje ha tiggarforbod
Har du sjølv ei meining om korleis ein bør løyse den for tida omdiskuterte situasjonen rundt romfolket?

– Eg vil ikkje at den skal løysast med tiggeforbod eller det som verre er – men konkrete tiltak som faktisk er gjennomførbare og akseptable for “folk flest”. Slike tiltak finst det diverre for få av.

Korleis skal du markere eittårsdagen for angrepet på utøya og regjeringskvartalet?

– Eittårsdagen skal eg markera med å fara på markeringa i Oslo på sundags kveld.

Korleis ser du føre deg at tida framover blir no då, for din del?

– Eg skal halda fram i engasjementet mitt i elevorganisasjonen, og om eg får tid til det skal eg også studera arkivkunnskap ved Universitetet i Oslo, avsluttar ein travelt framoverskodande Osdal.