Turistar i Noreg reagerer på at dei ikkje får treffe fleire nordmenn i reiselivet.

NPK
NPK

– Vi får tilbakemeldingar frå turistar som er overraska over at dei treffer færre nordmenn enn dei hadde forventa i frontlinja i reiselivet, seier Vibeke Raddum i turoperatøren Tumlare til NRK.

På grunn av manglande arbeidskraft, har reiselivet gjort seg avhengig av arbeidarar frå andre land. Raddum meiner det ikkje treng vere noko problem, dersom arbeidarane berre får god opplæring.

I dag er 30 prosent av dei tilsette i overnattings- og serveringsbransjen i Noreg utlendingar. (©NPK)

Les òg: Vill natur lokkar utlendingar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37
ANNONSE