– Sunnmøre gav Ibsen ny kveik

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Vendepunktet – Henrik Ibsen på Sunnmøre 1862» av Einar Landmark (67) tek føre seg reisa Ibsen gjorde på Sunnmøre det året.

– Sunnmøre og sunnmøringane var viktige for Henrik Ibsen. Reisa Ibsen gjorde på Sunnmøre i 1862 vart eit vendepunkt for den store diktaren, både i livet og diktinga hans, fortel Selja Forlag frå innhaldet i boka.

Ifølgje forlaget har boka mykje nytt stoff til Ibsen-forskarar i inn- og utland.

Reiste opp Gudbrandsdalen
Då Ibsen reiste på ei seks-sju veker lang ferd til Sunnmøre for 150 år sidan, gjekk ruta frå Christiania, opp Gudbrandsdalen, over Sognefjellet til Skjolden og med båt ut Sognefjorden til Vadheim.

Så vandra dramatikaren nordover gjennom Sunnfjord og Nordfjord og til Sunnmøre. Det var her han hadde den lengste stoppen før han reiste gjennom Romsdal tilbake til hovudstaden.

Fekk inspirasjon
Medan han reiste skreiv han ned segner og lokalhistorisk stoff, fann tema og rollemodellar som han seinare brukte i stykka sine, og fekk inspirasjon til diktarvegen vidare, heiter det frå forlaget.

– Spesielt viktig var møtet med lokalhistorikaren Peder Fylling på Solnør i Ørskog. Stoffet han fekk av Fylling var gull verdt for Ibsen seinare. Særleg er mykje av «Brand» henta frå Sunnmøre, men det gjeld også mange andre personar og tema hos Ibsen. Eg meiner det er grunnlag for å seie at Ibsen fekk ein ny kveik i diktinga si etter det han opplevde på Sunnmøre, seier Landmark i pressemeldinga.

– Framleis aktuell
Det var stort oppmøte under boksleppet på Sunnmøre museum i Ålesund nyleg, fortel forlaget. Det er forfattaren glad for, og meiner det viser at Ibsen framleis er aktuell for sunnmøringane.

– Vi må hugse at både Ibsen sjølv og kona hadde mykje slekt på Sunnmøre, og det var nok ikkje tilfeldig at han reiste nettopp dit på eit tidspunkt i livet hans då han var i krise, både i privatlivet og i arbeidet på teateret. Det skulle vise seg å vere eit lykkeleg val, og etter 1862 peika pila for Ibsen oppover, fortel Landmark. (©NPK)