– Årets høgdepunkt!

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Excuse me, is there a camping place in Moloy?

Ein utanlandsk turist i oransje sykkeltights ser spørjande på Oda Kristin Espe (20) og Aleksander Raftevold (19). Studentane er heime på Eid for å gjere nytte av si eidske dugnadsand. Dei kombinerer sommarjobb i turistinformasjonen med frivillig innsats.

I dag er det avspark for den tiande Malakoff-festivalen på Eid. Når festivalen snur Nordfjordeid på hovudet er nærmast heile bygda med.

Stille før stormen
I hovudgata på Nordfjordeid er det roleg onsdag føremiddag. Dørene til turistinformasjonen i gamlebanken står opne. Bua med hørselsvern, klistremerketatoveringar og t-skjorter har førebels fleire bak kassen enn framføre. Treborda utanfor den nyopna puben er berre i bruk av nokre travle eidarar, som sleng beskjedar og vitsar i ulike retningar.

Går ein fem hundre meter mot Eidselva, står ryggrader av scener, barar, inngjerdingar, lys og telt, og lovar musikk, øl, mat og hordar av festglade.

– Dovaktene er minst populære. Dei fleste vil helst jobbe bak scena eller servere, fortel Oda.

LES OGSÅ: Malakoff blir dokumentar

Saman med Aleksander er ho ansvarleg for kring 25 frivillige ungdommar. Dei skal selje rockestæsj, setje festivalarmband på tusenvis av gjestar og svare på like mange spørsmål. Dagen før festivalen stadfestar dei smilande at alt er under kontroll.

– Det er nok ikkje vi som er mest stressa, ler Oda.

Siste finpuss
– Ein artist ville at eg skulle skaffe ein pantelapp på tre kroner og femti øre, fortel Aleksander.  Han har vore frivillig på festivalen i tre år og klarar ikkje hugse kven førespurnaden kom frå.

– Ein pantelapp? Til kva?

– Han ville berre ha ein pantelapp.

– Vi får mange rare spørsmål. Festivalsjefen vart oppringt i ellevetida ein kveld av ein som lurte på om han kunne stikke ned og kjøpe festivalpass for han på Narvesen sidan han ikkje rakk det sjølve, ler Oda. Ho traskar mot festivalområdet.

– Somme er litt frekke, men når dei mindre banda kjem med ekstravagante krav må vi av og til setje ned foten, smiler eidaren.

Festivalcampen er nesten klar. Berre toalettfasilitetane manglar. Oda rosemålar campen med lovnader om unik stemning, moglegheiter til å sleppe unna slekta, og berre nokre få skritt til konsertområdet. Ikkje nok med det – festivaldoane skal vere av ypparste kvalitet, lovar eldsjela.


FESTIVALOMRÅDET: Oda er klar for festival. Festivalområdet er på god veg. 

– I år får vi toalett der ein kan skylje ned, så det blir ei heilt anna oppleving, fortel ho entusiastisk.

Nærmast festivalluksus på Eid, med andre ord.

Inne på området heng sceneriggarar i reimar. Hovudscena frå i fjor er degradert til amfiscene, og ei endå større scene er i ferd med å bli reist. Fire lastebilar med utstyr står framleis og ventar.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal traskar rundt på området og hevdar han har det meste under kontroll.

– Hadde du spurt meg for to dagar sidan hadde eg sagt eg var spent. No gleder eg meg, seier festivalsjefen.

– Alt flyt godt, eg ser fram til konsertane og til å gje gjestane ei god oppleving.


SJEF: Ifølgje festivalsjefen sjølv, Arnt-Ivar Naustdal, er det berre vêret som kan truge stemninga på festivalen.

Naustdal trur gjestane kjem både for festen og musikken. Men festivalsjefen, som òg har bookingansvar, er overtydd om at musikken vert viktigare for kvart år.

Kan setje rekord
Malakoff Rockfestival har ein imponerande line-up. Frå Turboneger, Dumdum Boys og Seigmen, til Urørt-vinnar Mikhael Paskalev, Thea Hjelmeland og Bare Egil Band.

Torsdag opnar festen i Gymmen i sentrum. Då spelar mellom anna Eye Emma Jedi, der Aleksander Pavelich er gitarist og vokalist. Han har tidlegare vore festivalsjef for Malakoff og var kjend som verdas yngste festivalsjef.

Eidarane er stolte over tiårsbornet sitt. Sidan starten har festivalen vakse frå 650 gjestar til 15 000 besøkjande. Med fire tusen førehandsselde har festivalen allereie dobla frå i fjor.

Kanskje ikkje rart då at over fem hundre eidingar trekkjer i ulike trådar for å få festivalen i hamn.

Høgdepunktet
– Malakoff er årets høgdepunkt, seier Julie Munch Starheim, Marie Velo Zachariassen og Charlotte Lefdal. 17-åringane har vakt i rockestæsj-bua.


FRIVILLIG:  Marie Verlo Zachariassen, Julie Munch Starheim og Charlotte Lefdal stiller sjølvsagt opp.

 

– Klart vi vil vere med, smiler dei i frivilleg-t-skjortene sine.

Dei er under Oda og Alexander sin kommando.

– Vi er veldig stolte av festivalen vår. Store artistar og tusenvis av festivaldeltakar kjem hit til lille Eid. P3 kalla oss ei av sumarens store opplevingar. Det er ganske kult, seier Oda.

– Malakoff er jo vår festival.

LES OGSÅ: Noregs mest ekslusive festival?