150.000 til Preikestolen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Populariteten til Preikestolen vil inga ende ta og stadig fleire turistar, både norske og utanlandske, tek seg opp til det berømte platået. Strandbuen fekk sjølv oppleve turiststraumen då vi tok ein tur nyleg. Med begge parkeringsplassane nesten fulle, kan ein regne at cirka 1.000 turistar var oppe berre denne eine dagen! Det gjekk på tysk, engelsk, hollandsk, spansk, kinesisk, russisk, norsk og ei rekkje andre språk.

I 2004 gjekk omlag 78.000 personar stigen til Preikestolen, eller Hyvlatonnå, som han heitte i gamle dagar. Dei to siste åra har godt over 130.000 vore på platået, men no trur dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen, Ole Madsen, at talet i år kan kome til å overstige 150.000, altså ein dobling i vitjande i løpet av dei åtte siste åra.

Les òg: Vill natur lokkar utlendingar

– I år merkar vi cruisetrafikken og at stadig fleire busser køyrer frå Stavanger og Tau og opp til Preikestolhytta, seier Madsen.

Han fortel at dei to parkeringsplassane stort sett svelgar unna det som kjem av bilar, men opplevde nyleg at 200 bilar måtte parkere langs vegen då alt var fullt.

Les òg: Ikkje motlaus av dårleg vêr

Madsen er no mest oppteke av å gjere det lettare å kome fram på stigen, då turistane ofte må gå i kø i smale parti.

– Vi fekk negative tilbakemeldingar, mellom anna frå redningstenesta, på plana om ein rundløype. Vi har difor no fullt fokus på å utbetre den eksisterande stigen til to meter breidde over heile strekninga, og dessutan å leggje om ruta i Neverdalsskaret. Går det som vi håpar og trur, skal dette vere klårt til neste sesong, seier Ole Madsen, dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen.

Les saka i Strandbuen!