Ikkje motlaus av dårleg vêr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Målet mitt er å komma seg vekk. Eg brukar datamaskina heile tida heime. No skal eg finna ut om eg klarar meg utan i ti dagar, seier Laurens Frenken.

Den nederlandske studenten har ikkje vore i Noreg før og valde landet på grunn av den råe naturen, ifølgje han sjølv. Han tok seg ti dagar fri frå studentlivet og er no to dagar ute i soga. Han går til fots, søkjer skog og utmark og overnattar i telt.

– Eg bryr meg ikkje om regn når eg traskar rundt i naturen, seier han og fortel at det også er godt ly under trea når det regnar.

– Så langt har Noreg vore ein vakker plass med vennlege folk. Det er litt synd at det regnar, men det regnar jo i Nederland også, seier Frenken.

Han starta reisa i Bergen, reiste så til Stord og skal mellom anna innom Voss, Finse og Geilo før han reiser heim att til Nederland.

– Du har ikkje eit tips til kva folk kan finna på i regnvêret då?

– Gå og les ei bok. Eller kanskje teikn noko, rådar nederlenderen.

Les saka i Sunnhordland!