Helene tevlar mot Noomi Rapace

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helene mot Noomi Rapace

– Dei lurer alltid på det. Om greia til Arthur er ekte i filmen.

Helene Bergsholm smiler med venstre munnvik og lettar på augebryna. Ho støttar seg med olbogane på knea. Langt lyst hår heng over ein kvit bluse. Dongeibuksa er svart. Det er stille i huset i Angedalen i Førde. Ute heng skodda tungt over vestlandsbyen.

Helene har nettopp vore i England og i New York. Før det var ho i Sør-Korea, Tyskland, Belgia og Sverige. No er ho heime hos mor Lillian Naustdal, far Per Bergsholm og katten Tinus. På fredag blir ho tjue år. I august skal ho møte svenske Noomi Rapace i Amanada-utdelinga i Haugesund.

Helene tenkjer før ho snakkar.

– Om eg vinn over Noomi er det nesten flaut.

Å satse eller ikkje satse
Helene verker litt beskjeden. Eller kanskje berre introvert. Ho er ikkje den som ropar høgst i alle fall. Før ho skulle spele Alma i Jannicke Systad Jacobsens ”Få meg på, for faen” fekk ho klar beskjed: hent fram boksebagen og lær deg å bli sint.

Boksebagen heng framleis på rommet i Angedalen, like lite provoserande som før. Ved filmplakaten, som er ein del av faren si rikhaldige samling, heng òg ballettskoa, som Helene har brukt èin gong.

– Eg slutta å danse ballett då det byrja å bli seriøst. Sånn har eg alltid vore. Handball, fotball, piano – når eg ikkje kunne tulle lenger gav eg meg.

Om ho skal gje seg som skodespelar er ho ikkje sikker på.

– Å vere med i filmen var det kjekkaste eg har gjort, spesielt i ettertid. Om eg skal satse på skodespel? Tja, om sjansen byr seg.

Helene dreg på det.

– Eg er vel ikkje den beste til å satse. Eg er litt redd for å ikkje lukkast. Er litt for usikker, kanskje.

Nittenåringen frå Førde var óg redd for at ikkje ”Få meg, for faen” skulle bli god nok. Eller at ho ikkje gjorde ein god nok jobb som Alma. Prisar frå mellom anna Tribeca filmfestival og filmfestivalen i Roma, samt fem Amanda-nominasjonar ville kanskje vore stadfesting nok for mange. Men Helene er framleis audmjuk.

– Eg blir sjølvsagt glad for å vinne, men om skal gå opp den scena i staden for Noomi så syns eg det er litt rart. Ho er veldig, veldig flink.


FØLGESVEN: Katten Tinus er fjorten år og godt ferieselskap for Helene.

Kor er Amanda?
Kor er Amanda, spurde forbundsleiar i Norsk skuespillerforbund, Hauk Heyerdahl etter at nominasjonane var klare.

Berre to namn i kategorien beste kvinnelege skodespelar er etter skodespelarforbundet si meining flaut for eit land som reknar seg blant verdas mest likestilte.

Forklaringa til juryen er at det har det siste året vore for få roller for kvinner i norsk film.

– Eg vart litt satt ut då berre eg og Noomi vart nominert. Det er ganske synd at det er så få kvinnelege hovudroller. Eg har ei kjensle av at gutar ser på filmar med kvinnelege hovudroller som jentefilmar, medan jenter ikkje gjer det same om hovudrolla er ein mann. Difor er det tøft av Jannicke å satse på ei jenterolle, meiner Helene.

Å stikke seg fram
Mange vil seie det er tøft av Helene å spele rolla som Alma òg. ”Få meg på, for faen” opnar med ei scene der Alma onanerer til nordnorsk skitprat. Skildringa av kåtskap og opprør hos tenåringsjenter har fått mykje merksemd internasjonalt. Siste nytt er at ein pastor i Alabama ville setje fyr på kinoen om ikkje filmen vart stogga.

– Heilt tullete. Det syner kor viktig filmen er. Når jenter syner sin seksualitet er det støtande for mange, men det er jo heilt normalt, seier Helene.

Alabama-publikummet lytta ikkje til pastoren og filmen vart vist til slutt. Helene har fått mykje positive tilbakemeldingar. Frå menn som kvinner, gutar som jenter. I Sør-Korea snakka ho med tenåringsjenter som endeleg kjende seg att på film.

No er det ikkje lenger flaut å svare på alle spørsmåla. No er det morosamt når publikum, journalistar eller leiaren av spørsmålsrunda tykkjer det er pinleg å spørje.

Men det er framleis litt flaut å bli kjent att på gata eller stira på i Førde sentrum.

– Helene? Ho kjem aldri til å gjere det, utbraut venene til Helene då ho skulle spele Alma.

– Eg har aldri vore den som stikk meg fram. Då eg kom til Stavanger for første gong sprang to jenter etter bilen vår. Eg var livredd, seier ho og trekk munnviken opp på ny.


KYSS: Tinus gjer alt for ein skinkebit. 

Å vere åleine
Førde liknar meir på Skoddeheimen enn vanleg denne julidagen. På trappa strekker Helene dei lange beina i spisse brune sko ut, og set seg ned med katten Tinus, som ifølgje rykta gjer kva som helst for ein skinkebit.

Når Helene har fri likar ho ganske godt å vere aleine.

– Kanskje litt for godt, smiler ho.

Det er ikkje det at ho ikkje likar folk, ho berre tykkjer det er veldig deilig å kome heim til Førde og ta heilt fri.

– Å vekse opp i Førde er jo ikkje heilt likt å vakse opp i Skoddeheimen, men det er nok vanskelegare å vere annleis på ein liten plass enn ein stor. På barneskulen elska eg Førde og tykte det var ein fantastisk plass. Men eg har òg hatt den same kjensla som Alma, av å hate heimstaden og ville reise langt vekk. No er det annleis.

Å reise
Helene skal likevel reise vekk. Etter eit år på folkehøgskule på Jæren har ein draum gått i oppfylling. Art direction-linja på Westerdals i Oslo ventar.

– Eg liknar vel på Alma på den måten. Vi er begge heilt vanlege, litt sjenerte, men vi drøymer om større ting og etter å finne oss sjølve meir. Men vi er ulike òg. Eg er ikkje femten. Og heile hennar seksuelle frustrasjon – nei, eg held meg singel, eg, seier Helene.

Skodespelarkarriera er heldigvis ikkje lagt heilt på hylla. Ein kortfilm av Fredrik Hana, der Helene spelar ei lita, men viktig, rolle ventar, før Førde-jenta set kursen mot hovudstaden og større ting.

Og greia til Arthur i ”Få meg på, for faen”? Nei, den var ikkje ekte.

Faktaboks

Helene Bergsholm (19) er nominert til beste kvinnelege skodespelar av Amanda-juryen, for rolla som Alma i "Få meg på, for faen". Noomi Rapace er einaste utfordrar.

"Få meg på, for faen" er òg nominert i fem andre kategoriar.