Hurtigruta besøkjer Hjørundfjorden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå 15. september til og med 25. september kjem hurtigruteskipa i tur og orden til å segle inn Hjørundfjorden og til Øye ved Norangsdalen, eitt av dei villaste og trongaste dalføra i landet, heiter det i ei pressemelding frå Hurtigruten. Gjestene skal få høve til å gå turar i vakre omgjevnader og reise på bussutflukt opp til utkikspunktet på staden.

Seglingane inn til Hjørundfjorden er lagt opp som ei forlenging av sommarsesongen etter at Geiranger-seglinga er avslutta 14. september. Turane er test-seglingar som ein del av utviklingsarbeidet til Hurtigruten, opplyser selskapet.

– Hurtigruta har aldri tidlegare gått inn til Hjørundfjorden som ein del av ruta. Målet med dei elleve test-seglingane er å kartleggje dei operasjonelle moglegheitene i området og ikkje minst få tilbakemelding frå gjestene om opplevinga deira av reisa. Om dette er så bra som vi håpar, vil vi prøve å få Hjørundfjorden inn som eit fast innslag i haustkonseptet «Autumn Gold» allereie frå 2013, seier kommunikasjonssjef i Hurtigruten, Ragnar Norum. (©NPK)