Leiaren i Den norske Forfatterforeningen, har planar om å reise ein hønsegard i løpet av sumaren og har nynorsk som verkty.

Faktaboks

Sigmund Løvåsen

Kjem frå Trysil i Hedmark

Leiar i Den norske Forfatterforeningen.

Debuterte med romanen Nyryddinga i 2003.

Motteke fleire prisar, mellom anna Tarjei Vesaas´ debutantpris og P2-lytternes romanpris.

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva gjer du i sumar?
– Det blir både tur til heimtraktene i Trysil og eit par veker i Kragerø. Elles skal eg vere i Svartskog der eg bur, pusle i hagen, bade, lese og leike med borna. Har også mål om å få opp ein hønsegard i løpet av sommaren.

Kva er ditt beste sumarminne frå ungdommen?
– Det må vere kjensla av å vere fri når ein går ut av skuleporten siste dag før ferien.

Kven var du på vidaregåande?
– Eg gjekk på Handel og Kontor og det er jo noko litt anna enn eg driv med i dag. Fritida vart fylt meir med trompet-spel, jakt og fiske enn litteratur. Eg trur eg har endra meg ganske mykje, både personlegdom og kva eg brukar tida mi på.

Hadde du nokre ungdomsheltar?
– Eg hadde vel nokre trompet-heltar som til dømes Maurice André og Chet Baker.

Kva av livslærdom har fått deg dit du er i dag?
– Det å gå i gang med ting eg ikkje er sikker på om eg meistrar har ført meg inn på nye spor. Det skjer ikkje noko verre enn at ein må gi opp.

Kva er dine beste råd til unge som vil opp og fram?
– Å ikkje la seg i for stor grad styre av dine eigne eller andre sine forventningar til deg. Det er lett å lage seg ei rolle som det er komfortabelt å vere i, men som ein nokre gonger er nøydd om å gå ut av for å kome vidare.

Korleis får ein tid til alt som ung?
– Det får ein vel ikkje.

Kva er nynorsk for deg?
Det er først og fremst eit verkty eg brukar i yrket mitt. Det første eg tenkjer på når eg høyrer ordet nynorsk er all den gode litteraturen eg set høgt.

Kva song har hatt mest å seie for deg?
– Vanskeleg å seie, men Lonely Woman av Ornette Coleman, sunge av Radka Toneff er ein av dei songane eg har høyrt flest gonger.

Kva ville du sagt til deg sjølv som 20-åring?
– Kom deg ut av Noreg for nokre år! 

LES OGSÅ:  Korleis vart du du, Maria Parr?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE