Hei, politiet!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei aller beste av dei har mykje pengar og fritid. Ein del av dei liker å gamble, kanskje fordi dei aller beste av dei har mykje pengar og fritid. Dei fleste av dei kler shorts betre enn folk flest. Nokre av dei liker tatoveringar og bilar. Mange av dei har produkt i håret. Ganske mange av dei utviklar dress og jobb i TV2 etter at den aktve karrieren er over. Og nokre av dei juksar.

Vi veit også litt om folk som er opptatte av fotball. Mellom anna har fleire av dei faktisk sans for humor. Det er sant. Det er derfor eg er heilt sikker på at då politiet bad om tips om kampfiksing, resultatmanipulering og anna juks i fotballen, så kom det inn mange tips av denne sorten:

Strømsgodset leiar Tippeligaen. Nokon bør kanskje sjå litt nærmare på det.

Tromsø har aldri vunne serien. Her er det noko som ikkje stemmer.

Lillestrøm har berre fjorten poeng i årets Tippeliga. Det kan ikkje vere fair play.

Rosenborg slo Molde forrige helg.

Det er folk på heimekampane til Stabæk. Ikkje mange, men likevel. Alle forstår at nokon må ha betalt desse folka.

Eg er skikkelig god i fotball. Det har eg alltid vore. Eg var ein midtbanesrateg med eit unikt blikk for spelet, ein slags tenkande manns Kjetil Rekdal, i alle år. Eg spelte samtlige kampar for Busken IL i sesongane 1987-1996, dei siste to sesongane som kaptein. Eg var toppskårar i 1989. Men eg fekk aldri tilbod om å spele for ein toppklubb. Her er det openbart noko gale. Noko veldig gale.

I ein bedriftskamp mot Vegan Transport i 1999 slo eg eit fantastisk frispark frå tjuefem meter. Keeperen redda. Denne keeperen kan umulig ha vore tilsett i Vegan Transport. Ingen i Vegan Transport er så gode. Det veit alle.

Eg har no spelt fotball i fjorten år, men laget mitt speler framleis i sjettedivisjon. Tilfeldig?

Helsing Geir Bjarne Borten, venstreback Bakkfjordsrøa I.L.

Eg har sjekka litt no. Keeperen til Vegan Transport har ikkje eingong lappen. Kva gjer du i ein transportbedrift viss du ikkje har lappen?

Hei, politiet! Eg spelte på Velten Old Boys i åtte sesongar frå 1998. Det skjedde mykje mistenkelig i denne perioden. For eksempel: Eg skåra fire sjølvmål i 2001-sesongen. Eg pådrog meg eit fullstendig unødvendig raudt kort mot Skvelten Old Boys i 2000-sesongen, og igjen i 2002 og 2003. Eg gjorde fleire uforståelige tabbar som resulterte i mål for motstandarane i både 2001, 2002, 2003 og ikkje minst i 2004. Eg bomma for ope mål frå tre centimeters hald mot Bolten Old Boys i 2003. Og i 2002 spelte eg mot feil mål i ein heil omgang. Eg tenkte berre eg skulle seie frå om at ikkje noko av dette var juks. Ingen betalte meg for å gjere noko av dette. Ingen trua meg til å gjere noko av dette. Eg var rett og slett oppsiktsvekkande dårlig. Eg har no slutta heilt med fotball. Eg bur i Spania og driv ikkje med anna idrett enn boccia, petanque og litt minogolf i helgane. Det trur eg alle skal vere glade for.

Mini Jakobsen har sekstifem landskampar. Eg seier ikkje meir.

I 1998 slo Norge Brasil i fotball-VM. Eg seier ikkje meir.

Eg har aldri fått tilbod om landslagsplass. Eg seier ikkje meir.

Eg starta nesten alle kampane i forrige sesong på benken for Bulken i femtedivisjon. Morten Langåsen spelte derimot samtlige kampar frå start. Morten Langåsen er overvektig, svaksynt, treig og har svært dårlig teknikk. Faren til Morten Langåsen eig kommunens største og mest innbringande bedrift. Trenaren vår, den kjende møkkamannen Bjarne Larsgård, jobbar til daglig i denne bedrifta. I rest my case.