Digital tur på Rallarvegen
Snart kan du føreta ei digital reise på Rallarvegen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er avisa Hordaland som fortel om prosjektet Digitalt fortalt.
Den offisielle opninga skal skje med fylkesvaraordførar Mona Haugland Hellesnes i Hordaland i Rallarmuseet 10. august.
«21. september i fjor møttest ei rekkje folk til planleggingsmøte på Finse. Dei som møtte, var Norsk kulturråd, Hordaland Fylkeskommune, Jernbaneverket, Riksantikvaren, Ulvik herad, VistRallarvegen og Rallarmuseet. No 10 månader seinare er det meste klart til utprøving etter at Norsk kulturråd har løyvt 150.000 kroner, Hordaland fylkeskommune ein million, og 100.000 kroner til sykkelpatrulje i år. No ventar ein og på Sogn og Fjordane og Buskerud fylkeskommunar med tilskot», heiter det i Hordaland.
«Digitalt fortalt» er tittelen på tiltaket, som det finst berre tre tilsvarande av i landet førebels. Der kan du slå opp på telefonen, og få både tekst og tilhøyrande bilete.
Slik kan du gå gjennom heile opplegget heime og planleggja turen, plukka ut ting eller område du vil sjå særskilt nøye på, eller på turen finna ut kva du vil koma til rundt neste sving, skjering eller vaktarbustad.
God tur – men ta med sykkelen..
Les saka i Sogn Avis!