”Ibrahim” trudde ikkje han var i stand til å gjere noko av det han er dømt for. No veit han ikkje kor tid han slepp ut. 

– Mamma og pappa sa alltid til meg at eg ikkje skulle vere ute om natta, at eg ikkje skulle henge med den og den. Eg ga berre faen, seier ”Ibrahim” (19).

Ibrahim har på seg ein matchande brun shorts og t-skjorte. Skyggelua er bak-fram. Kring halsen heng eit lite smykke. Ibrahim held fram:

– Eg høyrte aldri på dei. Ein gong pappaen min oppdaga hasj på rommet mitt, hoppa eg ut av vindauget frå andre etasje.

Ein av fire under tjue
Nær ein av fire som vert idømt straff i Noreg, er under tjue år syner tal frå Statistisk sentralbyrå. Av 33 544 straffereaksjonar mot brotsverk i 2010, var 7810 gitt til personar mellom 15 og 20 år. Legg ein til aldersgruppa opp til 25 år, utgjer dei unge til saman 41 prosent av dei som får ein straffereaksjon.

Ibrahim sit rak i ryggen. Held blikket fast ei lita stund. Ser ut av vindauget, ned, rett fram. 

LES OGSÅ: Norske fengsel er stappfulle

Tre år i fengsel
Etter å ha brukt og oppbevart narkotiske stoff, rana tilfeldige menneske på t-bana og gata i hovudstaden, utøvd vald mot tilfeldige menneske, og vore med på kidnappingar, sonar han no ein 7 månaders dom i Kongsvinger fengsel for det fyrste ranet.

Og han er dømt til å sone ytterlegare 2 år og 7 månader etter denne dommen.

– Eg tok pillar og visste ikkje korleis dei påverka meg. Eg hugsar ingenting. Ein dag vakna eg på ei glattcelle, med blod og møkkete klede. Då hadde eg slåst med nokon, fortel han.

Mange vert straffa igjen
Risikoen for at Ibrahim hamnar i fengsel igjen, er større no når han fyrst har fått sin fyrste straff. 70 prosent av alle straffereaksjonar i brotsverk som inneberer fengsel utan vilkår, og 78 prosent av dei med fengsel med og utan vilkår, gis til tidlegare straffebare, syner tal frå Statistisk sentralbyrå.

Tidlegare straffbare utgjorde 63 prosent av dei som fekk ei straff i 2010. Blant kvinner hadde 51 prosent tidlegere fått ei straff, blant menn 66 prosent. I alderen 15 til 17 år hadde ein av tre tidlegare fått ei straff. I alderen 18 til 20 år hadde halvparten vore straffa tidlegare. Å vere tidlegare straffbar vil å seie å enten ha sone i fengsel eller vore idømt anna type straff.

Tenkjer på konsekvensar
Ibrahim seier at han først no har byrja å tenkje på konsekvensar. 

– Då eg kom hit til fengeselet med to bagar, opp bakken der, det var tungt. Eg tenkjer at eg sløser bort tida mi. Eg tenkjer på mamma og pappa, alt dei har gjort for meg. Eg ville aldri gjort det eg gjorde om eg visste korleis det var å sitje i fengsel, trur han.

Han meiner han hang med feil vener, han skulle tøffe seg.

– Då eg møtte ofra i rettssaken, tenkte eg at det like gjerne kunne vore nokon i familien min.  

– Når eg kjem ut vil eg prøve å unngå dei venene som berre vil ha meg med for å feste. Eg ynskjer meg ei bra framtid.

I fengselet håpar Ibrahim på å få verte ganggut, då kan han få eige rom. No delar han med ein annen på den opne avdelinga ved Kongsvinger fengsel.

LES OGSÅ: Kontroversiell kompetanse

Vil leve eit anna liv
Han synast det er umenneskeleg å sitje i fengsel og fortel om trugsmål og slåssing som ikkje vert rapportert og som ikkje har fengselsvakter oversikt over. At den einaste gleda han har no er på torsdagane, når det er handledag. Dei innsette kan velja kva dei vil kjøpe. Ibrahim gler seg til røyk og sjokolade.

Ibrahim er fast bestemt på at han ikkje ynskjer å verte nokon gjenganger i fengselet.

– Eg vil ikkje leve det livet her. Det er ikkje mitt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.37

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE