Nesten halvparten sparar barnetrygda
Nesten halvparten av norske foreldre sparar heile eller delar av barnetrygda slik at barna kan bruke pengane når dei blir vaksne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det kjem fram i ei ny undersøking som Ipsos MMI har utført for DNB.
Av dei som sparar barnetrygda, seier 21 prosent at pengane skal gå til utdanning, 16 prosent seier pengane skal gå til bustad, og 16 prosent seier pengane skal gå til førarkort.
Delen av dei som sparar barnetrygda alltid eller av og til, har halde seg stabil sidan 2005, mens delen av dei som sparar heile barnetrygda har stige sidan 2007.
Les òg: Fleire fattige barn i Noreg
Halvparten av dei som alltid eller av og til sparer barnetrygda, seier at dei set av heile summen.
Av foreldra som sparar barnetrygda, set 85 prosent pengane i banken, mens 18 prosent sparar i fond. (©NPK)
Les òg: Det store fødespelet