Fleire unge, færre eldre
Stortinget får stadig fleire yngre og færre eldre representantar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I 2009 vart 11 av dei 169 representantane under 30 år, og i 2005 var berre sju av dei velde representantane under 30. Dette gjer likevel det norske Stortinget til det yngste parlamentet i verda.
Samstundes var berre sju menn og éi kvinne over 65 år folkevelde på Stortinget og fem av desse gjev seg etter valet neste haust. Det bekymrar organisasjonen Seniorsaken.
– Vi treng godt vaksne i nasjonalforsamlinga vår, seier Tore Henning Larsen, dagleg leiar i Seniorsaken til Vårt Land.
Ved førre stortingsval i 2009 var ikring 15 prosent av folket over 65 år, medan berre tre stortingsrepresentantar frå denne aldersgruppa blei valt inn.
Viss mengda representantar over 65 år skal spegle alderssamansetninga blant folket, burde det vore minst 25 stortingsrepresentantar i salen.
Manglande rekruttering
Forskar Jo Saglie ved Institutt for samfunnsforskning meiner at manglande rekruttering er grunnen til fråværet av folk over 65 år.
– Alle partia har ungdomsorganisasjonar som er aktive i nominasjonsprosessen. Noko slikt finst ikkje i like sterk grad for dei eldre, seier han.
Arne L. Haugen (Ap), som er jamgammal med Lønning, er i dag Stortingets eldste representant og ein av dei som gjev seg neste haust. Han møter fast som vararepresentant for statsråd Trond Giske.
Les òg: Grå menn i grå dress gjev ikkje best politikk
Erfaring viktig
Mette Hanekamhaug, den yngste representanten på Stortinget, seier til Framtida at sjølv om det er svært positivt at vi har den yngste alderssamansetjinga i noko parlament i verda, er erfaring viktig.
– Det er synd at seniorar gjev seg, god representativ alderssamansetjing er viktig for Stortinget og erfaringa deira er ei støtte for yngre representantar.
Tor Henning Larsen finn trøst i at veteranen Inge Lønning (74) har sagt seg villig til å gjere comeback. Hordaland Høgre vurderer no om dei ynskjer å nominere Lønning.
– Ære vere han. Eg tek av meg hatten for Inge Lønning, seier Larsen.