Vanskeleg for barn å melde om ekle nettopplevingar

Dersom barn opplever noko ubehageleg på internett, er det teknisk vanskeleg for dei å rapportere det.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barn kan ikkje melde om nettopplevingar

Det viser ein ny rapport frå forskingsprosjektet EU Kids Online. Prosjektet viser at berre 6 % av norske barn som blei opprørt av noko dei såg eller opplevde på internett rapporterte dette til nett- eller tenesteleverandøren.

Forskarane anbefaler at rapporteringsverktøya blir meir tilgjengelege og barnevenlege, slik at barna lettare kan seie frå når dei opplever noko ubehageleg på nett.

– Industrien må fokusere meir på praktiske tiltak retta mot barn som brukarar enn symbolpolitikk og løysingar for foreldre. Det er barna som bruker tenestene – då må dei også få hjelp til å hjelpe seg sjølv, seier forskar Elisabeth Staksrud ved Institutt for medium og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo og ansvarleg for undersøkinga i Noreg.

Rapporten viser også at mens norske barn er blant dei som i Europa sjeldnast bruker rapporteringsverktøy, ligg dei på topp i Europa når det gjeld erfaringar med potensielt skadeleg innhald frå andre brukarar slik som rasistisk materiale og sjølvskading. (©NPK)