Utsleppsfri bilferje klar på teiknebrettet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utsleppsfri bilferje klar

Ferja er spesielt utvikla for sambandet E39 Lavik– Oppedal i Sogn og Fjordane, der Statens vegvesen har lyst ut ein anbodskonkurranse om drift frå 2015

Bilferja går på elektrisk kraft og blir lada opp kvar gong ho legg til kai for å sleppe bilar av og på. Gjennom ein spesialutvikla ladeplugg ved kvart ferjeleie skal rein kraft fylle opp supermoderne batteri. Dermed vil ikkje ferja sleppe ut verken klimagassar som CO2 og metan eller NOx.

For å redusere både utslepp og energiforbruk skal fartøyet få ei låg vekt og eit motstandsreduserande skrog. Fartøyet skal byggjast i aluminium, og skroget er av typen katamaran.

I tillegg inneheld bilferja også solcellepanel, bruk av varmepumper, varmegjenvinnarar og LED-lys for å gjere drifta mest muleg energivenleg. (©NPK)