Heile gjengen er dopa

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er ikkje stolt av dette, men slik er det. Kvar gong eg høyrer om doping i sykkelsporten, kjenner eg eit ørlite «yesss!» som bygger seg opp inni meg. Kvar gong blir det litt lettare å berre avvise heile sykkelsporten som tvers gjennom roten. Og det er godt.

Alternativet er trass alt å forstå Tour de France.

Eigentlig burde eg elske Tour de France. Eg tenker det kvart år. For eg vil eigentlig vere ein del av desse storhendingane som samlar folk på tvers av alle grenser og uavhengig av kor til helvete det går med økonomien og landet ditt og livet ditt. Eg liker slikt. Veldig godt.

Og det er så altfor lett å vere kritisk. Det er så altfor enkelt å avkle sånt som gir veldig mange glede.

Når Fernando Torres for eksempel feirar EM-gull med å leike med ungane ute på bana, så kan du kjenne at du blir varm inni deg og la det bli med det. Eller du kan tenke: «Der gjekk marknadsverdien hans kraftig opp.»

Det er ikkje vanskelig å vere kritisk. Det kjem eigentlig berre an på kven du har lyst til å vere. Du kan vere han som er glad saman med mange, eller du kan vere han andre.

Når verdensstjerner speler på festivalar, kan du vere der eller i det minste glede deg med dei som er der. Eller du kan påpeike at det festivalar eigentlig går ut på er å lure ungdommar til å betale i dyre dommar for å stå i kø og drikke seg dritings i gjørme medan dei ventar på at ei styrtrik superstjerne skal få tilfredsstilt sine særaste ønske backstage før ho endelig går på scena, sannsynigvis utan å vite kvar ho er, og dansar seg gjennom nokre kvarter med hits som koristane hennar syng.

Når du i løpet av sommaren går inn på endå ein stappfull uteplass som speler «Euphoria», så kan du velje å hive deg ut i dansen og konkurrere med dei andre om kven som har dei teitaste Loreen-parodierande armrørslene. Eller du kan himle med auga og gå på jakt etter ein tom bar der bartenderen er gretten og speler Bon Iver. Begge deler går an. Det kjem an på kven du vil vere.

Når veldig mange går i homoparade, og ein av dei tek av og tvitrar at han ser noko fint langs vegen, så kan du smile og synest at det er søtt. Eller gå i paraden sjølv. Eller du kan sitte heilt for deg sjølv med sviktande hårfeste og tenke: «Det skulle tatt seg ut om eg gjorde noko slikt».

Det kjem an på kven du vil vere.

Og eg veit kven eg vil vere.

Eg har naturligvis også kjent på ein fascinasjon for desse som klarer å vere vittige og sette ting på plass, desse som alltid er mot det som alle andre er for, fuglane skal vite at eg har ønska å vere ein slik sjølv. Men ærlig talt: Det er for enkelt. Og kvar gong eg møter ein slik, så går fascinasjnen fort over og eg kjenner først og fremst eit akutt behov for å sette meg ved eit anna bord.

Derfor burde eg like Tour de France. Derfor burde eg ikkje vere typen som seier «All toppidrett er tvers gjennom roten». Eg vil ikkje vere han. Eg vil vere med. Eg registrerer at Tour de France gir mange glede. Eg ser at det er direktesendingar heile tida. Eg kjenner folk som legg ferien til Frankrike og sitt ved campingbord og et og drikk vin og ser på syklistane. Og det høyrest heilt fantastisk ut. Mat. Vin. Campingbord. Frankrike. Masse folk. Alt dette er eg med på, når som helst. Og om nokon syklar forbi medan et sitt der og et og drikk, så skal eg verkelig klare å leve med det også.

Men det er sjølve konkurransen. Eg heng ikkje med. Eit par dagar inne i Tour de France blir eg som ein av desse som synest fotball berre er tjoeto menn som spring etter ein ball, eller ein av dei som synest all musikk etter 1977 er masseproduserte kopiar. Eg tek meg sjølv i å tenke: Kva er det med desse trøyene dei masar om heile tida? Eg vil vite kven som vinn, ikkje kven som har skifta sidan i går!

Og sånn vil eg ikkje vere. Derfor tek eg den lette vegen ut og prisar meg lykkelig over at heile gjengen sikkert er dopa.

Men eg prøver igjen neste år. Garantert.

I mellomtida: Viss du skulle stikke innom ein stappfull uteplass som speler «Euphoria» i sommar, så veit du kvar du finn meg.

Først på trykk i Aftenposten 7. juli.

LES OGSÅ: Christian (16) går landet på langs