Korleis vart du du, Arne Hjeltnes?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva gjer du i sumar?
– Eg nyt sumaren i Kragerø, på Beitostølen og kanskje ein liten tur til utlandet. I juni har eg laga Det Norske Måltid med Heine Totland og fått gleda av å vitja Sandefjord, Drangedal, Bekkjarvik og Svanøy, ei fantastisk perla utafor Florø

Kva er ditt beste sumarminne frå ungdommen?
– Eg arbeidde kvar sumar på hotell i Ulvik. Å ha sumarjobb var utruleg moro. Me var ein stor gjeng ungdommar som hadde mykje moro på fritida.

Kven var du på vidaregåande?
– Ein ivrig, litt utålmodig og pratsam fyr, som klarde seg bra takka være ein inspirerande lærar.

Hadde du nokre ungdomsheltar?
– Det var nok ei salig blanding av mor, far, Kevin Keegan, Kåre Willoch og Beatles.

Kva av livslærdom har fått deg dit du er i dag?
– Grip dei sjansane du får. Ver god mot folk du møter. Ver nøgd.

Kva er dine beste råd til unge som vil opp og fram?
– 
Det hastar ikkje med å koma seg i arbeid på kontor.Lær mest mogeleg. Lær språk.

Korleis får ein tid til alt som ung?
– 
Unge folk er flinkare til å la vera å bruka tid på unyttige ting.

Kva er nynorsk for deg?
– 
Språket mitt. Eg nyttar nynorsk og engelsk til dageleg. To gode språk.

Kva song har hatt mest å seie for deg? 
– Kva som helst av Beatles.

Kva ville du sagt til deg sjølv som 20-åring?
– 
Reis ut i verda. Lær deg språk. Bruk tida.


Faktaboks

Arne Hjeltnes

Fødd i Kristiansand.

Kjent frå TV-seriar som Gutta på tur.

Debuterte som lyrikar i 1993 med diktsamlinga Sumaren eg fylte diesel, og har seinare gjeve ut ei rekkje bøker.

Sit i sentralstyret i Høgre.

Konsernsjef i kommunkasjonsselskapet Creuna.