– Då vi såg bileta frå Vinjerock skjønte vi at dette kom til å bli ei så spesiell oppleving for oss at vi måtte bli verande heile helga, uttalar Agent Fresco.
Jazzrock-bandet er eitt av tre islandske band som spelar på årets Vinjerock.
Konserten i Jotunheimen er ifølgje ei pressemelding den første Agent Fresco gjer i Noreg.
– Vi gler oss enormt, det er utruleg artig å gjere den fyrste konserten i landet med slike kulissar, seier bandet, som ifølgje Vinjerock-arrangørane har skal vere blant dei beste liveartistane på Island.
LES OGSÅ: – Bruk festivalane meir
– Formidable liveartisar
Det andre islandske innslaget, Tilbury, har hamna i ein kategori for seg sjølve, nemleg «dramatisk folk-pop». Tilbury byrja som eit soloprosjekt i 2010, men har sidan då utvida til fem menn.
Siste namn på plakaten er Snorri Helgason, som tidlegare var frontfigur i bandet Sprengjuhöllin. Han gjekk solo i 2009, og har sidan den gong gjeve ut to album.
Også Helgason skal få vinjerockarane til å smile, ifølgje arrangørane.
– Ikkje minst har Helgason ry på seg for å vera ein formidabel liveartist, noko som har medført utselde show både i både New York, London og Berlin, heiter det i pressemeldinga.
– Eg har høyrt så mykje bra om festivalen frå venene mine i Hjaltalín, som spelte der for nokre år sidan. Eg har aldri vore i Jotunheimen, og gler meg til å nyte fjellet til det fulle, har den islandske artisten uttalt.
Island + Vinje = sant
Festivalsjef Eirik Høyme Rogn er strålande nøgd med å få tre islandske band på vitjing til årets festival.
– Vi har hatt stor suksess med band frå sagaøya tidlegare, og dette er ein tradisjon vi gjerne held fram med. Det er stor stas for oss å kunne introdusere nye godbitar for eit fjellfriskt norsk publikum, seier han.
Vinjerock er utseld, og kring tre tusen Gore-Tex kledde kjem til å utgjere festivalen på Eidsbugarden.
LES OGSÅ: Noregs mest ekslusive festival?