Her budde bonden i Ibsens «Brand»

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det 150 år sidan fjellføraren førde Henrik Ibsen over Sognefjellet. Vêret vart etter kvart så ille at dei i nokre timar måtte søkja ly i Hervabui, ei bu som fjellføraren sjølv hadde mura. 

Sølvfest var ein flink forteljar, og han gav inspirasjon til noko av den seinare diktinga til Ibsen.

Modell
– Det er ingen tvil om at Sylfest er modell for bonden i Brand. Dottera mi, Elin har lese stykket, og ho kjenner att landskapet, seier Reidun Tandberg. Sylfest var tippoldefaren til Reidun og Signe Fortun, og Reidun tok for 20 år sidan over garden hans. Ho har vel 60 vinterfora sauer, men familien bur nede i Fortun. Morgon og kveld er ho oppe og stiar, men i dei hektiske vekene under lamminga bur Reidun i stovehuset på garden.

Dei to systrene fortel at det vart ikkje snakka så mykje om turen som tippoldefaren deira hadde med Ibsen over Sognefjellet.

– Ibsen var ikkje den einaste kjende personar han Sølvfest fekk trygt over fjellet. Eventyrforteljaren Asbjørnsen var ein annan, fortel Signe. Ho er eldst i syskenflokken, og fekk først tilbod om å ta over garden.

– Eg sa nei, og tok over garden etter foreldra mine nede i Fortun, seier Signe.

LES OGSÅ: Eg er den nye Ibsen

Mura Hervabui
Kjartan Kvien er levande oppteken av historie, og han har lagt ned mykje arbeid for å nysta opp fakta om denne turen som skreiv seg inn i verdslitteraturen.

– Sylfest fortalde at han var glad dei hadde Hervabui å søkja ly i under det verste uvêret. Forteljeglade Sylfest fortalde villig om ferdsla over Sognefjellet, om uvêr og ulukker gjennom tidene, om fantar, harde kår i fjellbygdene, om lomværingar som i naudsåra drog over fjellet òg om vinteren for å henta korn i Luster, om jakt i fjellet, snøskred og flaum.

Les saka i Sogn Avis!