Stabil tillit til politiet etter 22. juli

Tilliten innbyggjarane har til politiet i Noreg er ikkje svekt etter 22. juli, trass kritikken for manglande beredskap. Delen av dei som har svært høg tillit, har auka, viser ei ny undersøking.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei siste åra har mellom 83 og 86 prosent svart at dei har ganske stor – eller svært stor grad av tillit til politiet i Noreg. I tre målingar gjort av Politihøgskolen (PHS) etter terrorangrepa er denne gruppa like stor, men delen av dei som har svært høg tillit, er dobla.

– Tilliten til politiet som samfunnsinstitusjon er robust i Noreg, og hendingane 22. juli ser altså ikkje ut til å ha påverka dette i negativ retning. Når fellesskapet i Noreg blir utsett for angrep og katastrofe, så støttar ein opp, seier forskar Marit Egge ved PHS i ei uttale.

Målingane er gjort høvesvis ein månad etter 22. juli i fjor, i november og i midten av mars i år. Same veke som den siste målinga blei gjort, kom Sønderland-utvalet med kritikk av eigenevalueringa til politiet etter terrorsaka.

Politihøgskolen opplyser at delar av respondentane i den siste målinga blei spurt etter at utvalet hadde lagt fram evalueringa. Resultatet av denne siste målinga er likevel ganske likt dei to andre.

Politiet hamnar uansett eit stykke ned på lista over samfunnsinstitusjonar folk meiner handterte hendingane 22. juli godt. Her får frivillige i lokalmiljøa, helsepersonell, kongehuset og hjelpeorganisasjonane mest ros. (©NPK)