Myntkasting er ikkje rettvist

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Myntkasting har i lang tid vorte sett på som ei løysing til å avgjere saker tilfeldig, sidan myntar berre har to sider med like høg sjanse for å lande på begge.

Tre amerikanske forskarar har nytta matematikk og fysikk til å beskrive myntkasting grundig. Rapporten deira gjer det klart at det er størst sjanse, 51 mot 49 prosent, for at mynten landar på den sida som var øverst når mynten var kasta.

Forskarane har kome til dette resultatet ved at lage ei myntkastmaskin som dei filma og deretter analyserte resultata av mange tusen myntkast i ved hjelp av matematikk og fysikk.

Rapporten gjer det likevel klart at du må gjere dette 250 000 gonger for å sjå ein klar skilnad.